Det er naudsynt for at reiselivet i fjellbygdene skal kunne koma seg gjennom korona-krisa.
Reiselivet er ein viktig del av i næringslivet i fjellbygdene
Reiselivet er ei svært viktig næring for fjellbygdene. Eit sterkt og lønnsamt reiseliv er heilt avgjerande for norske distrikt si framtid. Reiselivstilbod over heile landet eit viktig konkurransefortrinn for Noreg som destinasjon for turistar. Men reiselivet i distrikta er meir sårbart og mindre lønnsamt enn i meir sentrale område.
Sett samla har næringslivet i fjellområda mindre vekst enn resten av landet, og dei siste 20 åra har det vore nedgang i talet på arbeidsplassar. Frå år 2000 og fram til i dag, har arbeidsplassutviklinga i fjellområda vore 17 prosent lågare enn landsgjennomsnittet. Næringsstrukturen er prega av liten variasjon og ein forventar ikkje vekst i framtida. Unntaket er reiselivet, men konsekvensane av Covid-19 har råka denne næringa svært hardt.
Framtidig vekstkraft i fjellregionane er heilt avhengig av at reiselivet kjem seg gjennom koronakrisa.
Meirverdiavgift og kompensasjonsordning
I haust vart meirverdiavgifta for reiselivet sett ned til 8 prosent, som ein del av krisepakka til reiselivet. I forslaget til budsjett er den tilbake på 12 prosent.
Fjellnettverket meiner det er svært uheldig at det blir lagt opp til auka utgifter i ei næring som er midt i ei krise. Reiselivet er pålagt mange restriksjonar i samband med pandemien, og mange i næringa melder om at dei må permittera store delar av arbeidsstyrken.
Fjellnettverket ber Stortinget om at meirverdiavgifta blir sett til 8 % for reiselivet i budsjettet for 2021. Regjeringa foreslår i sitt budsjett-framlegg at det blir sett av 680 millionar til ei kompensasjonsordning for reiselivet. Det er langt under dei 1,5 milliardane som er satt av til reiselivet dei siste fire månadene av 2020. Fjellnettverket ber om at Stortinget aukar kompensasjonsordninga for reiselivet.
Fjellnettverket meiner det er svært viktig at statsbudsjettet for 2021 gir reiselivet hjelp for å koma gjennom koronakrisa. Det er naudsynt for å sikre viktige distriktsarbeidsplassar, og det vil bidra til framtidig vekst i fjellbygdene.