Røyrvik kommune
Med Røyrvik på laget blir nettverket styrka med eit nytt geografisk perspektiv frå Trøndelag. Kommunen representerer eit område med viktige erfaringar knytt til busetjing, næringsutvikling og forvaltning av naturressursar i fjellområda.
– For Røyrvik handlar dette om å ta ein tydeleg posisjon saman med andre fjellkommunar for å utvikle livskraftige lokalsamfunn. Ved å stå saman med resten av fjell-Noreg får vi større tyngde i møte med nasjonal politikk og avgjerder som påverkar oss og fleire moglegheiter til erfaringsutveksling med kommunar som har like utfordringar og forutsetningar som oss sjølv, seier ordførar Kennet Tømmermo Reitan.
Han legg til at Fjellnettverket også er viktig som ein arena for samarbeid og læring:
Gjennom Fjellnettverket får vi ein arena der vi både kan løfte fram våre interesser og lære av andre fjellkommunar, slik at vi kan utvikle gode løysingar for framtida i eigen kommune.
Fjellnettverket arbeider for gode rammevilkår for fjellkommunar, og medlemskommunane er ein viktig del av både kunnskapsgrunnlaget og det politiske arbeidet nettverket driv.
Vi ser fram til eit godt samarbeid med Raarvihken tjïelte – Røyrvik kommune i åra framover.