Rådsmøtet er det øvste organet i Fjellnettverket. I tillegg til å handsame årsmelding og aktivitetar frå 2019, er det på dette møtet ein vedtek haldingsplan og retning for vidare arbeid.
Alle medlemmene skal velja representantar til å møte i rådet i Fjellnettverket. Fylkeskommunar og regionråd/kommuneregionar har to plassar kvar, kommunar har ein plass. Det skal òg veljast vararepresentantar.
Rådsmøtet i Fjellnettverket blir 25. februar. kl.10.00 på Bjørvika Konferansesenter
Nytt styre
På rådsmøte i februar skal det veljast nytt styre og styreleiar for fire år. Styreplassane i Fjellnettverket fordeler seg mellom dei ulike medlemmene slik:
Fylkeskommunar har ein styreplass kvar
Regionråd har to styreplassar
Kommunar har to styreplassar
Alle medlemmene kan nominere kandidatar til styret og det valkomiteen som legg fram eit forslag til rådsmøtet.