Rapport: Oppsummering av Fjell Noreg på IGW
For eitt år, to år og tre år sidan var dyktige fjellfolk i full aksjon på Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin. Det var første gong fjellområda samla seg under namnet Fjell Noreg og første gong fjellområda hadde sin eigen del av den tradisjonsrike marknadsføringa av Noreg. No kan du lese om arbeidet og resultata i rapporten Fjell Noreg på IGW.
Stolte og spente mat- og opplevingsverksemder på plass på standen i Berlin.
Fjellnettverket

I løpet av tre år har til saman 78 verksemder frå fjellområda vore med til Berlin. Arbeidet med Fjell Noreg til Internationale Grüne Woche har vore starten på eit nytt samarbeid på tvers av fylkesgrenser og regionar. Verksemdene som har vore med, gjev tilbakemelding om god effektar og trekkjer fram nye nettverk, inspirasjon til nye produkt og auka verdiskaping som nokre av resultata.
-Eg tok med meg heim eit utvida syn på kva verdi lokalmat har i reiselivsbransjen, seier Kåre Berg frå Bergsjøstølen i rapporten.
Les meir om verksemdene og resultata i rapporten.
Les rapporten (PDF, 17 MB)
Ynskjer du ei trykt utgåve så kan du bestille den ved å sende e-post til prosjektleiar Elin Halland Simensen, elinsi@bfk.no.
Publisert 04.05.2021 12.55
Sist endra 25.01.2024 09.18