Reiselivet i framtida

Forside NOU leve og oppleve - Klikk for stort bilete

Reisemålsutvalet har lagt fram utgreiinga NOU 2023:10 – Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid. Reisemålsutvalet foreslår fleire endringar i korleis ein skal legge til rette for utvikling i reiselivet og forslaga er sendt ut på høyring. Fjellnettverket meiner reisemålsutvalet kjem med fleire gode forslag, men etterlyser at dei ser på brukartal i staden for innbyggertal for fjellkommunane og meiner at utvalet burde sett spesielt på utviklinga i landbruket. 

Høyringssvar frå Fjellnettverket til NOU 2023:10 – Leve og oppleve – Reisemål for en bærekraftig fremtid

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. Fjellområda dekker omlag halvparten av arealet i Noreg og vi forvaltar store område både for innbyggjarar og tilreisande. Det er over 100 fjellkommunar i Noreg og reiselivet er ein sentral næringsaktør i vårt område.

Det ligg store mogelegheiter for auka verdiskaping innanfor reiselivet. Fjellområda, med rein luft, reint vatn, dyreliv, naturmangfald og vakker natur, har eit stort potensiale for berekraftig utvikling og vekst. Kulturarv og tradisjonar frå fjellet kan danne grunnlag for nye, stadeigne opplevingar. Fjellet og fjellområda har eit stort potensiale for å auke verdiskapinga gjennom å rette seg mot målgrupper som etterspør det fjellet kan tilby: Naturopplevingar, ro og rein luft.

Fjellnettverket meiner det er ei grundig og god utreiing og vi støttar utvalet i at ei utvikling av reiselivet må skje på ein slik måte at det skapar attraktive lokalsamfunn.

Vi vil i dette høyringssvaret kommentere spesielt utvalet sine forslag knytt til regenerativt reiseliv, kommunane si rolle i arbeidet, fellesgodefinansiering og transport.

I tillegg vil vi peike på eit forhold som vi meiner er avgjerande for  utviklinga av reiselivet i fjellområda: landbruksnæringa si utvikling.

Regenerativt reiseliv

Utvalet legg vekt på at reiselivet må utviklast slik at det bidreg til attraktive lokalsamfunn for både innbyggarar og tilreisande. Fjellnettverket støttar reiselivsutvalet i at det er behov for å tenke nytt i korleis utviklinga i reiselivet skal vere framover. Dei meiner vi må bort frå eit vekstparadigme der auke i besøkstal er eit hovudmål, til å måle suksess ut frå dei positive effektane som reiselivet bidrar til på reisemålet og overfor lokalbefolkninga. Utviklinga må ta utgangspunkt i kva samfunn lokalbefolkninga ynsker. Deretter identifisere utfordringar og lage lokale strategiar for vidare utvikling gjennom medverknad og dialog. Verdiar, funksjonar, kultur og historie i lokalsamfunna bør ligge til grunn for utvikling av reisemålet.

Fjellnettverket er samd med utvalet i at reiselivsnæringa har potensiale til å styrke lokalsamfunna og at utviklinga av reiselivet må ta utgangspunkt i kvart enkelt lokalsamfunn.

Dette kan vere eit tiltak for å motvirke sentralisering ved å skape attraktive arbeidsplassar distrikta. Rekruttering av arbeidskraft til reiselivsnæringa og andre næringar er ei utfordring som vil auke framover. Skal ein få til god rekruttering, må det arbeidast med ulike tiltak, slik at sesongane forlengast.

Kommunen har ei sentral rolle

I NOU 2023:10 blir det foreslått at det må utarbeidast ein strategi med mål og prioriteringar for utviklinga av reisemålet som ser næringsutvikling, besøksforvaltning og lokalsamfunnsutvikling i samanheng og at denne strategien skal forankrast i kommunane sitt planverk.  I tilrådingane blir kommunane gitt ei sentral rolle, gjennom forankring av reisemålleiing, strategisk besøksforvaltning og besøksstrategi.

Fjellnettverket meiner dette er ei løysing som kan vere positiv og at dette opnar opp for å sjå utviklinga av reiselivet i samanheng med utviklinga på andre samfunnsområde. Den vil kunne legge grunnlag for ei heilskapleg utvikling av lokalsamfunn.

I arbeidet er det viktig med eit godt samspel mellom nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Vi vil understreke at mange av distriktskommunane og fjellkommunane er små og forslaget vil krevje ressursar i kommunane. Slik det er i dag, dekker ikkje utgiftskorrigeringane alle kommunale oppgåver. Vi meiner Demografiutvalet (NOU 2020:15 Det handler om Norge) har rett i si analyse av at små distriktskommunar ofte må ta eit ansvar for fleire og andre oppgåver enn i større kommunar . Difor er det viktig at det blir gode ordningar, slik at dette arbeidet blir finansiert og at det blir sett av ressursar til opplæring.

Fellesgodefinansiering og besøksbidrag

Finansiering av fellesgode er ei utfordring for norsk reiseliv og for innbyggarane mange stader i fjellområda. Reisemålsutvalet peikar på at det er behov for at tilreisande er med på å betale for fellesgoda og foreslår å etablere en modell der tilreisande bidreg. Besøksbidraget skal krevjast inn nasjonalt ved transport inn til eller ut av landet. Midlane skal forvaltast regionalt og lokalt.  Besøksbidraget skal knytast til den lokale besøksstrategien. Fjellnettverket støttar forslaget og meiner at det er fordelar med ei nasjonal ordning. Fjellnettverket er samd med utvalet i at forvaltning av desse midlane bør leggast til lokale eller regionale styresmakter.

Sjølv om vi er positive til forslaget, kan vi likevel ikkje sjå at dette åleine løyser ei stor utfordring for fjellkommunane. Det er store utgifter knytt til innanlands tilreisande, spesielt fritidsinnbyggjarane. Utvalet legg inntektssystemutvalet sin konklusjon om at systemet ikkje bør endrast for å ta omsyn til gjesteinnbyggerar. Vi meiner dette er problematisk. Eit besøksbidrag løyser ikkje  dei økonomiske utfordringane knytt til reiselivet i mange fjellkommunar. Mange fjellområde har ei mangedobling av innbyggarar delar av året. Dette fører til utgifter til beredskap, legevakt og helse- og omsorgstenester.  Noko som fører til ei overføring av utgifter frå heimstadkommunen til kommunen der fritidsbustaden ligg. Det er også utgifter som aukar med endra bruk av fritidsbustaden. Digitalisering, heimekontor og høg hyttestandard gjer at fleire er lengre på fritidsbustaden, og dei som treng oppfølging av kommunens helse- og omsorgstenester. Enten bør inntektssystemet endrast, eller så bør det finnast konkrete løysningar utanfor inntektssystemet for å vege opp for slike kostnader.

Tilgjengelegheit og transport

God offentleg infrastruktur for transport er ein føresetnad for eit meir konkurransedyktig reiseliv og for å få ned klimagassutsleppa. Reiselivsutvalet legg vekt på saumlause transportløysingar. I det legg dei at det skal vere så få overgangar som mogeleg og god korrespondanse mellom ulike transportmiddel.

Fjellnettverket er samd med utvalet i at god transportplanlegging er ein viktig del av besøksforvaltinga på norske reisemål og at fylkeskommunar med mange tilreisande bør inkludere reiselivet i anbodsgrunnlaget for offentlege innkjøp av transporttenester. I dag er det utfordrande å finansiere kollektivtransporten innanfor dei fylkeskommunale rammene. Skal ein få til gode og saumlause ordningar, bør finansieringa aukast.

Landbruket si utvikling

Utvalet drøftar ulike mogelegheiter og utfordringar for reiselivet framover. Dei skriv at ein sentral del av reiselivet er naturopplevingar og landskap.  Fjellnettverket undrar seg over at utvalet ikkje har sett spesielt på utviklinga innan landbruket i denne samanhengen. Landbruket i fjellområda er ein viktig leverandør av mat, men leverer òg kulturlandskap som er viktig for reiselivet.  Ein stor del av naturen som tilreisande ynskjer å sjå, er område brukt av landbruket. Dersom utviklinga med nedlegging av gardsbruk held fram, vil det påverke både kulturlandskapet og utmarka i Noreg. Det vil få negative konsekvensar reiselivet.  Eit aktivt landbruk i fjellområda er heilt nødvendig for å auke sjølvforsyninga, men òg for å oppretthalde naturmangfald og utmarka slik vi kjenner den. Det er vedtatt nasjonale mål om å auke sjølvforsyningsgraden til 50 prosent. Skal dette skje på ein berekraftig måte, vil det føre til at landbruket må ta i bruk meir utmarksareal. Ei auke i reiselivet kan ha interessekonfliktar med landbruket.  Som leverandørar til reiseopplevingar meiner vi at landbruksnæringane   si rolle burde vore vurdert av utvalet. Både som matprodusentar, som vedlikehaldar av kulturlandskap, og som grunneigarar av utmark. 

Konklusjon

Fjellnettverket støttar utvalet i ambisjonane om eit regenerativ reiseliv og at det trengst nye organiseringar og nye verktøy for å få til dette.