Dei demografiske utfordringane i fjellområda krev målretta og langsiktig innsats for å sikre kompetanse, arbeidskraft og lokal verdiskaping.
I forslag til statsbudsjett for 2026 er FORREGION foreslått avvikla. Dette er eit viktig verkemiddel for å få små og mellomstore verksemder til å ta i bruk forsking og styrke innovasjon. Det er fylkeskommunane som forvaltar ordninga.
FORREGION er eit målretta verkemiddel som hjelper bedrifter med å ta i bruk forsking i innovasjonsarbeid. Gjennom kompetansemeglarar får bedrifter rettleiing, hjelp til prosjektutvikling og kontakt med relevante forskingsmiljø. I 2024 fekk over 1700 bedrifter slik støtte, og nær 150 forprosjekt vart finansiert.
Forskingsbasert innovasjon
Ei avvikling av FORREGION vil få negative konsekvensar for små og mellomstore verksemder over hele landet. Ordninga er særleg viktig for små og mellomstore bedrifter i distrikta, som ofte manglar tilgang til forskingskompetanse. FORREGION bidreg til å mobilisere næringslivet, styrke samhandling mellom ulike verkemiddel og løyse ut større satsingar med finansiering frå Forskningsrådet, EU og privat kapital.
Fjellnettverket ber Stortinget om å sikre vidareføring av FORREGION som eit effektivt verkemiddel for innovasjon og verdiskaping i heile landet.