Totalberedskapsmedlinga: Forbredt på kriser og krig

Fjellnettverket meiner busetting, landbruk og levande lokalsamfunn i fjellområda er avgjerande for nasjonal beredskap. I høyring om Totalberedskapsmeldinga Forberedt på kriser og krig i Justiskomiteen på Stortinget løfta vi fram fjellområda si rolle i arbeidet med å sikre Noreg betre rusta for framtidige kriser.

Styreleiar og dagleg leiar på Strotinget - Klikk for stort bilete

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for fjellområda i Sør-Noreg. Vi representerer kommunar, fylke og interkommunale råd, og arbeider for å sikre levande og livskraftige fjellbygder. Fjellområda dekker nærmare ein tredjedel av landet vårt og omfattar 103 kommunar med omlag 333 000 innbyggarar. Fjellnettverket meiner det er positivt at stortingsmeldinga set som strategisk mål å sikre busetting, god grunnberedskap og levande lokalsamfunn i heile landet.  

Busetting og beredskap heng tett saman

For å få til dette, er det heilt nødvendig med tiltak for å sikre auka tilflytting til fjellområda. I framtida står fjellområda ovanfor store demografiutfordringar og det er grunn til å vere uroa for korleis ein skal oppretthalde tenestetilbod, næringsliv og landbruk i fjellområda i framtida. For å sikre god beredskap, trengst ein aktiv og meir offensiv politikk som tek utgangspunkt i fjellområda sine spesielle føresetnader og som aukar tilflyttinga til fjellområda. 

Fjellandbruket som beredskapsressurs

Fjellandbruket er heilt sentralt for å oppretthalde matforsyninga i Noreg. Når målsettinga er auka sjølvforsyning, er bruk av utmarksbeite og bruk av dyrka mark i fjellet heilt sentralt. Landbruket er ein viktig beredskapsressurs: Både knytt til kunnskap om å produsere mat ut frå naturgitte føresetnader og med tilgang og kompetanse på teknisk utstyr, ved til dømes ras, brann eller krigsåtak. Å oppretthalde og sikre drift på små og mellomstore gardsbruk i fjellet, er difor ein viktig del av beredskapen i landet vårt. 

Fritidsbustader - ein resurs i kriser

Fjellkommunane er i stor grad vertskap for fritidsbustader. For kvar 1000 fjellinnbyggar er det 500 fritidsbustader. I mange situasjonar kan det vere fornuftig at delar av innbyggarane flyttar seg til meir spreiddbygde strøk. Erfaringa frå koronapandemien viste at svært mange såg på fritidsbustaden som eit beredskapsalternativ. Fritidsbustader bør sjåast på som ein ressurs totalberedskapen, men det set krav til både ressursar i kommunane og eit godt førebudd og levande lokalsamfunn.
 

Treng meir offensiv distriktspolitikk

Forslaget med beredskapsråd er bra, men i ein krisesituasjon er det essensielt å ha tilgang på kompetanse og personell. Fjellnettverket støttar regjeringa i at det er viktig at det bur folk over heile landet. Det det er difor behov for ein offensiv distriktspolitikk. Slik kan vi sikre at fjellbygdene kan ivareta eigne innbyggarar, fritidsinnbyggerar og bidra til matsikkerheit i framtida.