Trøndelag fylkeskommune nytt medlem i Fjellnettverket

- Me ynskjer Trøndelag fylkeskommune velkomen som nytt medlem og me ser fram til eit godt samarbeid framover! Trøndelag er eit viktig fjellfylke og medlemsskapet er ein styrke arbeidet vårt for ein god fjellpolitikk, seier Kari Randen i Fjellnettverket.

Landskapsbilete frå Frå fjellkommunen Oppdal, Bortistu Gjestegard i Storlidalen. - Klikk for stort bileteFrå fjellkommunen Oppdal, Bortistu Gjestegard i Storlidalen. Tove Gaupset  

Fylkestinget  i Trøndelag har vedteke å melde seg inn i Fjellnettverket frå januar 2019. I vedtaket frå fylkestinget heiter det: «Samarbeidet gjennom Fjellnettverket vil være en viktig del av fylkeskommunens samfunnsutviklerrolle for å utvikle innlandet».

Trøndelag er eit stort og mangfaldig  fylke som strekker seg frå fjord til fjell, og har store areal i både i innlandet og i fjellområda. I Trøndelag er det totalt 11 fjellkommunar eller tilliggjande fjellkommunar:  Røyrvik, Lierne, Meråker, Tydal, Holtålen, Røros, Rennebu, Oppdal, Midtre Gauldal, Selbu og Rindal (frå 2020).

-        Gjennom nettverket har medlemmene ein felles arena for å utvikle og påverke politikk som er viktige for å oppretthalde busetting og næringsverksemd i fjellområda. Fjellnettverket skal vere ein sterk pådrivar for ein politikk som sikrar gode livsvilkår og utvikling i fjellbygdene, seier dagleg leiar i Fjellnettverket, Kari Randen.

Fjellnettverket har i januar 2019 fem fylkeskommunar, sju regionråd og fleire fjellkommunar som medlemmer.