Utviklingsverkstad berekraft og lokalmat i Viken

 Verksemder som produserer, foredlar, sel og serverar lokal mat og lokale opplevingar inviterast til utviklingsverkstad.

Cathrine Dokken

Berekraft har blitt eit moteord, men handlar om korleis me forvaltar ressursane våre. Denne verkstaden vil gje deg betre grep om kva berekraft er og korleis du kan kommunisere det til omverda.

Stad: Pers Hotel, Gol

Dato: 9. mars

Tid: 9.00-16.00

Påmeldingsavgift: kr 350, dekker kaffimat og lunsj

Frist for påmelding: 8. mars

Meld deg på verkstaden 

Du får: 

  • Eit krasjkurs i kva berekraft er
  • Lære meir om kommunikasjon og berekraft
  • Hjelp til å definere utfordringar og mogelegheiter i eiga verksemd
  • Arbeide i nettverk med andre lokalmataktørar som kan ha tips til utviklinga i di verksemd

Du møter: 

  • Grunnleggjar av Rethink Food, Ola Hedstein
  • Inspirator og kurshaldar Pål Knutsson Medhus frå Høve Støtt
  • Siderbonde Olav Bleie frå Alde sider i Hardanger
  • Rådgjevarar frå Buskerud Næringshage og Hallingdal Næringshage
  • Innovasjon Noreg, Viken fylkeskommune og statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Verkstaden arrangerast av Fjellnettverket i samarbeid med Buskerud Næringshage og Hallingdal Næringshage.