Ynskjer du å utvikle verksemda di vidare? Har du tankar og idear som det kunne vore fint å diskutere med andre? Bli med på utviklingsverkstad!
Stad: Straand hotell
Dato: 10. januar 2023
Tidspunkt: kl. 9.00 – 16.00
Meld deg på innan 06. januar.
Målet med verkstaden er at verksemda di skal kome vidare i utviklingsarbeidet. Verksemder, rådgjevarar og verkemiddelapparat skal løyse utfordringar i lag.
Påmelding til seminar
Program utviklingsverkstad
Kl. 09.00 Registrering Kaffi og lett nevamat
Kl. 09.30 Velkomen til utviklingsverkstad Kort presentasjon av deltakarane med namn, bedrift og produkt
Kl. 09.50 Innlegg frå bedrift som har hatt nytte av arbeid med berekraft «Berekraft, samarbeid og økonomiske oppsider» Olav Bleie, Alde sider
Kl. 10.10 Kort presentasjon av utviklingsverkstaden og arbeidsområde Innlegg av foredragshaldarar og ekspertar
«Kan berekraft gjere verksemda meir lønsam?» Ola Hedstein, Rethink Food
«Korleis kommunisere berekraft og tilhørigheit til fjellet?» Pål Knutsson Medhus, Høve Støtt AS
Kl. 11:00 Deltakarane deles i to grupper og verkstaden startar
Kl. 12.30 Lunsj
Kl. 13.30 Arbeidet med utviklingsverkstaden fortsett
Kl. 15.00 Kaffipåfyll
Kl. 15.15 Avslutning utviklingsverkstad Oppsummering og vegen vidare.
Kl. 16.00 Slutt og vel heim
På utviklingsverkstaden vil du:
- Få hjelp til å definere utfordringar i eiga verksemd
- Arbeide saman for å løyse utfordringar
- Få bistand frå ulike aktørar og avtale vidare framdrift
- Arbeide i nettverk med andre lokalmatprodusentar som kan ha tips til utviklinga i di verksemd.
Du vil møte:
- Grunnleggjar av Rethink Food og tidlegare adm. direktør i Norsk landbrukssamvike, Ola Hedstein
- Inspirator Pål Knutsson Medhus frå Høve Støtt
- Rådgjevarar frå Næringshagen i Telemark, Innovasjon Norge, Vestfold og Telemark fylkeskommune, statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og kompetansemeklarar
- Andre lokale produsentar frå fjellområda i Telemark
På verkstaden skal vi arbeide med to ulike tema:
Tema 1) Kan berekraft gjere bedrifta meir lønsam?
Tema 2) Korleis kommunisere berekraft og tilhørigheit til fjellet?
Det er Fjellnettverket i samarbeid med Telemark Næringshage som arrangerer verkstaden.