Verkemidla som verkar, må styrkjast

Fjellnettverket bad Stortinget vidareføre FORREGION, stanse kutta i distriktsverkemidla, styrkje beredskapen og auke dei frie inntektene til kommunane. Krava vart lagde fram i høyringa om statsbudsjettet for 2027 i kommunal- og forvaltningskomiteen.

Kari Randen på høyring Stortinget - Klikk for stort bilete

I høyringa om statsbudsjettet for 2027 la Fjellnettverket fram fire krav for å styrkje distrikta og fjellkommunane.

– Regjeringa seier at ho vil styrkje distrikta og skape vekst i kommunar med nedgang i folketalet. Då må verkemidla som faktisk verkar, styrkjast, ikkje svekkjast, sa Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket, til komiteen.

FORREGION må vidareførast

Regjeringa foreslår igjen å avvikle FORREGION, sjølv om Stortinget sikra vidareføring i fjor. Ordninga koplar bedrifter og forskingsmiljø. For mange bedrifter i fjellkommunane er ordninga avgjerande for om dei kjem i gang med forsking og innovasjon. I 2025 fekk nesten 1 900 bedrifter hjelp gjennom ordninga.

Mindre pengar til utvikling i distrikta

Dei regionale utviklingsmidlane blir ikkje prisjusterte, og omstillingsmidlane blir kutta med om lag 20 millionar kroner. Dette er dei viktigaste verktøya fylkeskommunane har for å støtte næringsutvikling, omstilling og lokal samfunnsutvikling. Mange av kommunane som er mest avhengige av dei, er distrikts- og fjellkommunar.

Beredskap når folketalet blir mangedobla

– Når det skjer noko, er det kommunane, dei frivillige og lokale ressursar som stiller opp, sa Randen.

I mange fjellkommunar blir folketalet mangedobla i feriar og høgsesong. Ved større kriser må kommunane vere budde på at mange også søkjer til fritidsbustadene sine.. Mange fjellkommunar manglar òg naudstraum og reservesamband i mobilnettet. Utbygginga av forsterka ekom går for sakte. Auken i 2027 gir rom for berre to kommunar til i året.

Kommuneøkonomien må styrkjast

Regjeringa foreslår ein realvekst i dei frie inntektene på 3,2 milliardar kroner. Det er mindre enn dei 3,5–4 milliardane regjeringa varsla i kommuneproposisjonen i mai. Legevakt, helseberedskap, brann og redning i fjellkommunane må dimensjonerast for både innbyggjarar, fritidsinnbyggjarar og besøkande. Inntektssystemet tek i hovudsak omsyn til dei fastbuande Inntektssystemet tek likevel i hovudsak omsyn berre til dei fastbuande.

– Skal kommunane levere på både samfunnsutvikling og beredskap, må dei også ha økonomi til det, sa Randen.

Fjellnettverket bad komiteen om å:

  1. vidareføre FORREGION
  2. reversere kutta i regionale utviklingsmidlar og omstillingsmidlar
  3. følgje opp Stortinget sitt vedtak om kommunal beredskap og styrkje forsterka ekom
  4. styrkje dei frie inntektene til kommunane