Nyhausta grønsaker
Marit Nerol
Praktiske erfaringar frå fjellbønder
Ein viktig del av webinaret var innlegg frå erfarne produsentar som delte eigne erfaringar - både om grønsaker, potetdyrking og driftsutvikling i høgareliggande område.
Potetproduksjon i høgda
Nils Erik Sandblost, potetbonde frå Oppdal, fortalde om drifta si med 180 mål mandelpoteter. Han har drive garden sidan 2016 og er ein del av Fjellmandel Oppdal SA. Produksjonen hans er knytt til merkeordninga Beskytta Geografisk Betegnelse, som «Fjellmandel frå Oppdal» fekk i 2006. I tillegg til potet driv han også med sau, og delte erfaringar om korleis han kombinerer dei to produksjonsformene.
Økologisk grønsaksdyrking i fjellbygdene
Eivind Øvrelid, bonde i Skåk i Gudbrandsdalen delte erfaringar frå ei lang karriere med økologisk drift. Han driv produksjon av gulrot, korn og gras, og la om garden til økologisk drift allereie i 1992. Øvrelid gav deltakarane eit hisotirisk og praktisk innblikk i korleis grønsaksproduksjon i fjellbygdene kan utviklast over tid.
To marknadshagar i Hallingdal
To produsentar frå Hallingdal delte sine perspektiv på å drive marknadshage i fjellområda:
Ingunn Medgård, Ål marknadshage, starta drifta i 2021 og utvida med drivhus i 2023. Ho kombinerar andelslandbruk og marknadshage, driv økologisk og planlegg no å etablere bærfelt som ein del av vidare utvikling.
Marit Torsrud Nerol frå garden Nerol i Hol driv saman med mannen sin ein kombinert andels- og marknadshage. Dei dyrkar i tillegg omlag 4 daa med potetar og testar ut eit større felt med lauk og gulrot. Garden har også gammalnorsk spælsau, og kompostert talle frå sauene blir brukt som gjødsel i heile grønsaksproduksjonen. Drifta er økologisk.
Kunnskap om jordhelse og mikroorganismar
Webinaret inneheldt også eit fagleg innlegg frå Kamran Shalchian-Tabrizi, professor i biologi ved Universitetet i Oslo, med spesialisering innan mikrobiologi, genetikk og evolusjonsbiologi.
Kamran presenterte forsking på jordhelse og korleis mikroorganismar påverkar avlingar, jordstruktur og berekraftige løysingar for landbruket. Han fortalte også om arbeidet i selskapet Smartsoil Biotech, der han og kollegaer utviklar metodar for å måle og betre jordhelse. Han delte særleg innsikt knytt til potet- og grønsaksdyrking, fruktproduksjon og gras.
Stort engasjement og nyttig læring
Deltakarane fekk høve til å stille spørsmål gjennom heile webinaret, og diskusjonane viste stor interesse for tema som klimautfordringar, sortsval, gjødselstrategiar og korleis ein best kan styrke jordhelsa gjennom praktiske tiltak.
Han jobber med å forstå jordhelse og betydninga mikroorganismer har for dei store globale utfordringane i landbruket. Med basis i forsking har han og forskarkollegane etablert selskapet Smartsoil Biotech, som introduserar måtar for korleis landbruket kan jobbe for å betre jordhelsa. Kamran har særleg erfaring med jordhelse innenfor, dyrking av potet- og grønsaker, fruktproduksjon og grasdyrking.