Webinar om mogelegheiter for grønsak- og potetproduksjon i fjellet

Vurderer du å drive produksjon av grønsaker i fjellet? Eller lurar du på korleis det er å produsere poteter 500 moh? Og kva med jordhelsa - korleis er den hos deg? 

Me inviterer til webinar med gode foredragshaldarar som vil gje deg inspirasjon, svar på spørsmål og gode tips til korleis du kan drive produksjon av grønsaker og potet i fjellet og kva dette med jordhelse eigentleg handlar om. 

Webinaret er eit samarbeid mellom Fjellnettverket og Nasjonalt senter for fjellandbruk. 

Bli med på møtet ved å trykke på lenka: 
BLI MED PÅ TEAMSMØTE

Nyhausta grønsaker Marit Nerol

 

Foredragshaldarar er: 

Nils Erik Sandblost Privat

Nils Erik Sandblost, potetbonde frå Oppdal. Nils Erik har 180 mål med mandelpoteter og har drive gard sidan 2016. Han er medlem av Fjellmandel Oppdal SA, og leverandør av «Fjellmandel frå Oppdal» som hausten 2006 ble godkjent som Beskytta Geografisk Betegnelse for mandelpoteter. På garden driv han, i tillegg til potet, også med sau. 

 

Eivind Øvrelid Privat

Eivind Øvrelid, bonde frå Gudbrandsdalen. 
Eivind driv økologisk produksjon av gulrot, korn og gras i Sjåk i Gudbrandsdalen. Fram til 1992 var det mjølkeproduksjon på garden. Etter 1992 vart garden lagt om til økologisk produksjon. Er pensjonist.
 

 

 

Ingunn Medgard Privat

Ingunn Medgård, Ål markedshage

Ingunn starta opp Ål markedshage på garden sin i Øvre Ål i Ål i 2021. Ho  starta opp med dyrking i drivhus i 2023  og har vidareutvikla hagen til ein kombinert andels- og markedshage. Har drivi med sau fram til nyttår 2024. Planlegg oppstart med bærfelt i tilknyting til markedshagen. Driv økologisk produksjon. 
 

 

Marit Nerol Privat

Marit Torsrud Nerol

Marit driv en kombinert andels- og markedshage på garden Nerol i Hol som ho og mannen hennar driv ilag. Dyrkar i tillegg ca. 4 daa med poteter og testar i år ut eit større felt med lauk og gulrot. På garden har dei gammalnorsk spælsau og som gjødsel i markedshagen og til poteter, lauk og gulrot brukar dei kompostert sauetalle. Drifta er økologisk.

 

Kamran Shalchian-Tabrizi Privat

Kamran Shalchian-Tabrizi.

Kamran er professor i biologi ved Universitetet i Oslo (UiO), innanfor mikrobiologi, genetikk og evolusjonsbiologi. 

Han jobber med å forstå jordhelse og betydninga mikroorganismer har for dei store globale utfordringane i landbruket. Med basis i forsking har han og forskarkollegane etablert selskapet Smartsoil Biotech, som introduserar måtar for korleis landbruket kan jobbe for å  betre jordhelsa.  Kamran har særleg erfaring med jordhelse innenfor, dyrking av potet- og grønsaker, fruktproduksjon og grasdyrking.

 

Det blir gjort opptak av webinaret. Dei som har meldt seg på vil få tilsendt lenke til opptaket. 

Webinaret er gratis og du melder deg på ved trykke på knappen nedanfor. 

Påmelding webinar