Internasjonalt samarbeid

Fjellområda i Noreg har mange fellestrekk med fjellområda i Europa. Gjennom vårt samarbeid med den europeiske organisasjonen Euromontana jobbar vi opp mot politiske prosesser i EU og samarbeider med andre fjellområde i Europa.

Euromontana

Euromontana er ein europeisk organisasjon for samarbeid og utvikling av fjellområda. Euromontanas formål er å arbeide for levende fjellområde med integrert og berekraftig utvikling og livskvalitet for innbyggerane.

72 organisasjonar frå 19 europeiske land er medlemmer i Euromontana, både inkluderer internasjonale, nasjonale og regionale organisasjonar.

Fjellnettverket har ansvaret for å koordinere fellessaker frå dei norske medlemmene opp mot Euromantana. Fra Noreg er følgande medlemmer i Euromontana:

  • Viken fylkeskommune 
  • Innlandet fylkeskommune 
  • Vestfold og Telemark fylkeskommune 
  • Vestland fylkeskommune
  • Østlandsforskning 
  • Vestlandsforskning

Les meir om Euromontana:  www.euromontana.org

Til toppen