Vedtekter for Fjellnettverket

Landskap fjell og vatn - Klikk for stort bilete Emilie Holba  

DEL 1 FØREMÅL

§ 1 Fjellnettverket

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for fjellområda i Sør- og Midt-Noreg (ref §4).

§ 2 Rettsleg grunnlag

 Fjellnettverket er eit politisk nettverk, og er ikkje ein sjølvstendig juridisk person.

§ 3 Føremål og virkeområde

Fjellnettverket arbeider for levande og livskraftige bygder i fjellområda.Fjellnettverket er pådrivar for ein politikk som sikrar at ressursar og verdiar i fjellområda gjev grunnlag for utvikling og trivnad i fjellbygdene.

Fjellnettverket arbeider gjennom:  

  • å vera ein aktiv deltakar og leverandør i regionalpolitiske diskusjonar
  • å formidle kunnskap om fjellområda
  • å delta aktivt i internasjonalt samarbeid
  • setja i verk eigne prosjekt og tiltak

DEL 2 MEDLEMSKAP

§ 4 Medlemskap

 Fjellnettverket er ope for kommunar, regionråd/kommuneregionar og fylkeskommunar.

§ 5 Opptak av medlemar

Styret handsamar søknader om medlemskap. Dersom styret avviser ein slik søknad, skal denne handsamast av Rådet for endeleg avgjerd.

§ 6 Medlemskontingent

Medlemskontingenten blir fastsett av Rådet.

§ 7 Utmelding

Utmelding skjer skriftleg til styret. Dersom utmeldinga skjer seinare enn 01.10. må medlemen betala full kontingent for det påfølgjande året. Ein medlem som ikkje har betalt medlemskontingent for to påfølgjande år er automatisk utmeldt.

DEL 3 ORGANISERING

§ 8 Rådet for Fjellnettverket


a) Samansetjing
Rådet er det høgaste organet i Fjellnettverket. Rådet er vedtaksført når minst 2/3 av medlemane er representerte. Avgjerder tas med alminneleg fleirtal. Medlemane veljer representantar med personlege vararepresentantar til Rådet. Fylkeskommunar og regionråd/ kommuneregionar har to representantar kvar, medan kommunar har éin representant kvar. Funksjonstida er 4 år, og tilsvarar valperioden.  

b) Myndigheit og oppgåver
Rådet har møte minst ein gong årleg. Det handsamar årsmøtesaker og andre innkomne saker. Rådet vedtar økonomisk omfang og fast lokalisering av sekretariatet for Fjellnettverket. 

På årsmøtet handsamast:

  • årsmelding og rekneskap
  • handlings- og økonomiplan
  • budsjett for kommande år, inkludert fastsetjing av medlemskontingent
  • endring av vedtektene
  • val av styre og varamedlemar
  • val av styreleiar
  • val av nestleiar til styret

Rådet vel styre på fyrste møte etter kommune- og fylkestingsvalet. Dette møtet skal vera innan utgangen av februar. Innkalling til møte i Rådet skal skje med varsel på minst tre månader. Endeleg saksliste med saker sendast rådet seinast 2 veker før møtet.

§ 9 Styret for Fjellnettverket


a) Samansetjing 
Styret er sett saman av ein representant frå kvar fylkeskommune, fire representantar frå kommunane /kommuneregionane, med prioritert varaliste. Representantane skal vera tilknytt fylkesting/regionråd/kommunestyre. Euromontanas norske styremedlemar har observatørstatus med talerett i saker som gjeld Euromontana. Styremedlemane blir valde av det fyrste årsmøtet etter kommunevalet, og dei fungerer i 4 år. Leiar og nestleiar for styret blir valde av Rådet for ein periode på 2 år. Rådet oppnemner valkomité. Styret er vedtaksført når minst 2/3 av medlemane er til stades. Vedtak fattast med alminneleg fleirtal. Ved stemmelikskap har styrets leiar dobbeltstemme.

b) Myndigheit og oppgåver
Styret har mynde til å treffe avgjerder i alle saker som gjeld samarbeidets drift. Styret ser til at verksemda driv i samsvar med vedtektene, vedteke budsjett og andre vedtak eller retningslinjer. Styremøtene innkallas og leias av styrets leiar. Styrets leiar sørgjer for at det blir ført protokoll frå styremøtene. Styret har plikt til å sjå til at det vert ført lovmessig rekneskap og revisjon av verksemda. Styret kan delegere til leiar eller sekretariatet å representere samarbeidet utad. Styret har delegert myndigheit frå Rådet i alle løpande saker gjennom året, og kan uttale seg på vegne av FRS. Ved likt stemmetal i styret har leiaren dobbeltstemme. Styret kan delegere vedtaksfullmakter til leiaren.

§ 10 Sekretariat

Sekretariatet utøver den daglege drift;

  • utgreiar og innstiller i dei saker som leggjast fram for overordna organ utøver sekretærfunksjonen
  • har tale og forslagsrett i styret og rådet, når det behandlar saker som gjeld samarbeidet. 
  • For øvrig utøve oppgåver delegert frå styret. 

§ 11 Administrative ressursar

Alle medlemar skal ha ein administrativ kontaktperson.

§ 12 Vedtektsendringar

 Forslag om endringar av vedtektene skal handsamast av Rådet. Forslaga skal sendast inn til styret minst to månader før møtet. Ei endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av medlemane.

§ 13 Oppløysing av Fjellnettverket

 Forslag om oppløysing av Fjellnettverket skal handsamast i Rådet. Eit vedtak om oppløysing krev 2/3 fleirtal av medlemane. Eigenkapitalen skal ved oppløysing av nettverket fordelast på medlemane etter den same fordelingsnøkkelen som ved innbetaling av kontingent. For at ein medlem skal kunna få utbetalt sin del av eigenkapitalen, må han ha betalt kontingent ved siste innkreving.