Desentralisere statlege arbeidsplassar
Sysselsetjingsveksten i offentleg sektor har skjedd på ein slik måte at sentraliseringa har gått snøggare. Ser vi på fjellkommunane samla, er arbeidsplassveksten 15 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet
I kommunar med sentralitetsklasse 6 har arbeidsplassveksten i offentleg sektor vore 23 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet sidan 2000-talet. Ser vi på fjellkommunane samla, er arbeidsplassveksten 15 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet. Denne nedgangen får særleg negative konsekvensar i distriktskommunar med eit lite variert næringsliv og få arbeidsplassar for dei med høg utdanning.
Fjellnettverket meiner statlege arbeidsplassar bør fordelast ut over landet og det bør leggjast større vekt på lokalisering av statlege arbeidsplassar enn i dag.
Fjellnettverket meiner det er nødvendig:
- Med ein offensiv statleg politikk for å desentralisere statlege arbeidsplassar. Det bør vere ei tydeleg målsetjing at statlege arbeidsplassar blir flytte frå sentrale strøk og ut i distrikta.
- At delar av regjeringsapparatet, avdelingar av direktorat og andre statlege verksemder bør flyttast ut av sentrale strøk, til kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6.
- At staten etablerer minimum 20 prosent av sine stillingar utan fast arbeidsstad. Dette vil leggje til rette for at statstilsette kan bu andre stader enn der kontora er lokaliserte.
- Arbeidsplassar som er lokaliserte rundt om i landet vil etter vårt syn vere ein styrke for statleg forvaltning. For distrikta vil det føre til viktige kompetansearbeidsplassar og eit meir variert næringsliv.
Publisert 14.12.2020 15.32
Sist endra 14.12.2020 15.32