Digital infrastruktur

Fjellnettverket arbeider for at det innbyggjarar over heile landet skal ha tilgang på høghastigheits breiband. Koronautbrotet synleggjorde kor viktig breiband er for deltaking i dagens samfunnsliv, utdanning og arbeidsliv. Ikkje minst gjeld dette born og ungdom busette i distrikta. fiberkabler - Klikk for stort bilete 

Dekningsrapporten til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet viser at det er store skilnader mellom sentrale strøk og distrikta når det gjeld tilgang på breiband.

Fjellnettverket meiner det er naudsynt med ei sterk offentleg satsing på breiband der det ikkje er kommersielt lønnsamt. Det handlar om likebehandling av alle innbyggarar i Noreg, same om dei bur i by eller bygd.

Tilgang på breiband er viktig for:

• Deltaking i demokratiske prosessar:
I dagens samfunn er mykje av samfunnsdebatten digital. Både møte og dokument blir ofte berre gjort tilgjengelege digitalt i demokratiske organ som kommunestyre, fylkesting og Stortinget. Det same er høve til å lese aviser, tidskrift, tilgang på offentlege dokument.

• Lik rett til utdanning:
Både i grunnskule, vidaregåande skular, etterutdanning og høgare utdanning blir digitale løysingar tekne i bruk. E-Læring, lekser som skal gjerast i ulike skyløysingar og mogelegheit til å nytte digitale læringsressursar gjer innbyggarane heilt avhengige av tilgang på godt breiband.

• Næringslivet i distrikta:
Innanfor næringslivet er behovet for tilgang på breiband stort. Restriksjonar med heimekontor fører til utfordringar for både offentleg og privat sektor. I framtida er det viktig at det i distrikta er mogeleg å skape sin egen arbeidsplass, jobbe fleksibelt, drive nyskaping og innovasjon.

• Lik rett til offentlege tenester:
Meir og meir blir offentlege tenester digitaliserte, og både stat og kommune bruker digital kommunikasjon med innbyggarane. Digitaliseringa i offentleg sektor er et satsingsområde frå regjeringa og kjem til å auke. Skal dette fungere godt over hele landet, krev det at innbyggarane har tilgang på godt breiband.

Fjellnettverket arbeider for å auke støtta til utbygging av breiband på stader der det ikkje er kommersielt lønnsamt å bygge ut. 

Artikkelliste