Kompetanse

Utdanningssystemet påverkar i stor grad kvar ein buset seg etter utdanninga. Undersøkingar viser at over 70 prosent blir verande i regionen der dei har gjennomført studia.

I dag er utdanningsinstitusjonar i stor grad lokaliserte i sentrale område. Dette får ein negativ effekt på næringslivet i distrikta.

Fjellnettverket meiner:

  • Høgare utdanning bør bli finansiert slik at det blir fleire studiestader i distrikta.
  • Det bør bli sterke insentiv for at universitet, fagskular og høgskular opprettar fleircampusmodellar.
  • Etter- og vidareutdanningar bør bli meir fleksible, for å kunne møte næringslivets behov for kompetanse.
  • Ei auka satsing på desentralisert høgare utdanning vil sikre kompetanse til næringslivet i distrikta.

Eit høgt utdanningsnivå er sentralt for å utvikle nye løysingar, innovasjon og for ei berekraftig og grøn omstilling.