Berekraft i fjellet

Reiselivet og landbruket i fjellområda bygger på bruk av natur og dei ressursane som er tilgjengelege i fjellet. For å ha eit godt grunnlag for utvikling av fjellområda, har  Nibio har på oppdrag av Fjellnettverket utarbeida ein rapport som ser på korleis reiseliv og matproduksjon i fjellet påverkar berekraft og klima.

Sau og person på beite - Klikk for stort bilete Emile Holba

Fjellnettverket ynskjer å bidra til eit grønare og meir klimavenleg samfunn og rapporten, som tek utgangspunkt i fjellområda sitt perspektiv og bruk av ressursane i fjellet, skal bidra til dette. 

Nedlegging trugar biologisk mangfald

Rapporten slår fast at bruk av utmarksbeite kan vere positivt for klima og biomangfald. Færre beitedyr og anna bruk av utmarka trugar i dag det biologiske mangfaldet. Når det blir færre gardar i drift, har det negativ effekt på over 500 truga artar.

Det ligg eit potensial i å auke sjølvforsyningsgraden  med liten påverknad på miljøet i fjellområda. Bruken av utmarka til beite og matproduksjon er berekraftig og kan vere med å bidra til auka sjølvforsyning og ta Noreg nærmare å nå berekraftsmåla.

I ei internasjonal samanheng er fjellområda spesielt godt eigna til berekraftig kjøt- og mjølkeproduksjon basert på utmarksressursar, dette gjeld spesielt i fjellområde der ein i tillegg kan få ein klimagevinst av albedoeffekten.

Utvikling av reiseliv

Reiselivet i fjellet er avhengig av utviklinga i fjellandbruket og det kulturlandskapet som landbruket held ved like. Rapporten peikar på at det ligg eit potensial i å auke verdiskapinga gjennom å bruke lokalproduserte produkt, men åtvarar mot ei utvikling der områda blir for mykje utbygd.

Reiselivet har hatt ein stor vekst i fjellområda dei siste åra og rapporten drøftar korleis reiselivet kan utvikle seg framover saman med landbruket i fjellet.

Mat og opplevingar basert på natur og kultur bidreg til arbeidsplassar, styrkjer verdiskaping lokalt og har eit stort potensiale i framtida.

Her kan du laste ned og lese rapporten Mat og reiseliv i fjellet - Berekraftig bruk av lokale ressursar i landbruk og reiseliv