21 utvalde gardsbruk
Så langt i arbeidet er det vald ut til saman 21 ulike gardsbruk frå Innlandet, Buskerud, Telemark og Trøndelag som er med og testar ut ordninga. Dei fyrste verksemdene har opna opp for servering og fleire blir klare i løpet av kort tid.
Desse gardsbruka er med på Bondens bord
Her kan du sjå film om Bondens bord.
Heimablidni - servering i eige kjøken
Heimablidni-ordninga kom i gong etter at Færøyane opplevde ei stor auke i reiselivet, der mesteparten av verdiskapinga kom i og rundt byane. Samstundes var det eit ynskje om fleire stadar utanfor sentrum som serverte god og lokalprodusert mat. Ein ny reiselivsstrategi gjorde at ein fekk på plass ordninga der gardsbruk kunne opne opp gardane sine og drive servering frå eiget kjøken og ta seg betalt for det.
Prøveordning etter færøysk modell
Fjellområda har stor tilstrøyming av besøkande i feriar og helger. Undersøkingar frå Innovasjon Noreg syner at fleire og fleire ynskjer seg spesielle opplevingar og vil ha lokalprodusert mat. Målet med prøveordninga er å teste ut om denne ordninga kan passe for gardsbruk i fjellområda og kan bidra til auke i verdiskapinga og produksjonen av lokale matvarer.