Møteplassar i prosjektet

Sentralt i prosjektet er møteplassane, der verksemder i ulike bransjar, politikarar og byråkratar frå ulike avdelingar i verkemiddelapparatet møtest. Møteplassane bidreg til auke kunnskapen og tilliten mellom dei ulike aktørane. 

Her kan du lese meir om dei ulike møteplasssane i prosjektet: 

 

Utviklingsverkstadar

Menneske som sit rundt eit bord og diskuterar - Klikk for stort bilete Fjellnettverket

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I løpet av fyrste prosjektår vart det igangsett eit samarbeid med næringshagane i Valdres, Hallingdal, Buskerud og Telemark om å gjennomføre utviklingsverkstadar for verksemder i Innlandet, Viken og Vestfold og Telemark. Målet med verkstadene var å auke kunnskapen til verksemdene og bidra til at fleire tar i bruk forskings- og utviklingskompetanse (FoU) for å løyse utviklingsoppgåver i verksemdene sine.

Utviklingsverkstad i Innlandet

Utviklingsverkstaden i Innlandet vart gjennomført i april 2022 og var lagt til Beitostølen i Valdres. Verkstaden vart arrangert i samarbeid med Valdres Næringshage og Statsforvaltaren i Innlandet og retta seg mot verksemder som produserer, foredlar og serverar lokale produkt. På verkstaden arbeidde deltakarane med problemstillingar knytt til matproduksjon og formidling.

Ekspertar og gode hjelparar

Forskarar frå matforskingsinstituttet NOFIMA og statens institutt for forbruksforsking SIFO var invitert med som ekspertar innanfor dei ulike problemstillingane. I tillegg deltok rådgjevarar frå Innovasjon Norge Innlandet, Innlandet fylkeskommunane, statsforvaltaren i Innlandet og næringshagane.  

Foredrag og inspirasjon

På verkstaden fekk deltakarane høyre frå verksemda Datsja i Valdres, som har hatt stor nytte av å arbeide med forskingsprosjekt. Anders Nordrum, leiar av familieselskapet Datsja fortalte om nytta av auka kunnskap, forskning og nettverk.

Verkstaden var eit samarbeid mellom Valdres Næringshage og Statsforvaltaren Innlandet. 

Utviklingsverkstad i Telemark 

Utviklingsverkstaden i Telemark vart gjennomført i januar 2023 og var lagt til Vrådal. Verkstaden vart arrangert i samarbeid med Telemark Næringshage. 

Berekraft og kommunikasjon som tema

Med utgangspunkt i rapporten “Mat og opplevingar i fjellet" og kartlegging gjort av Næringshagen i Telemark vart berekraft valt som tema for verkstaden i Telemark. Målgruppa for verkstaden var verksemder som produserer, foredlar og serverar lokale produkt og opplevingar.

På verkstaden fekk deltakarane ei innføring i kva berekraft handlar om, dei fekk lære om kommunikasjon og berekraft og dei fekk eksempel på korleis samarbeid og berekraft kan bidra til auka verdiskaping.

Foredragshaldarar og hjelparar

Siderbonde Olav Bleie var invitert til å snakke om samarbeid og utnytting av lokale produkt. Olav Hedstein, grunnleggjar av Rethink Food, ga deltakarane eit krasjkurs i berekraft og korleis berekraft kan styrke økonomien i verksemder. Og Pål Knutsson Medhus, inspirator og kurshaldar, held innlegg om kommunikasjon og berekraft.

 Verkstaden var todelt, ein del med innlegg og inspirasjon og ein del der deltakarane arbeidde med eigne utfordringar og fekk mogelegheit til å stille spørsmål til foredragshaldarane.

Rådgjevarar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, Innovasjon Noreg avdeling Telemark og Vestfold, statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og kompetansemeklar i Vestfold og Telemark fylkeskommune var inviterte til verkstaden.


Utviklingsverkstad i Viken, 9. mars 2023

Verkstaden i Buskerud var lagt til Pers hotell på Gol og arrangert i samarbeid med Hallingdal næringshage og Buskerud næringshage.

I samarbeid med næringshagane vart berekraft valt som tema også for verkstaden i Buskerud. Verkstaden vart gjennomført etter same modell som verkstaden i Telemark.

Rådgjevarar frå Viken fylkeskommune, Innovasjon Noreg, avdeling Viken, statsforvaltaren i Oslo og Viken og kompetansemeklar i Viken fylkeskommune var inviterte til å vere med på verkstaden.

 

Webinar

Fjellområda strekkjer seg over eit stort område. Det å delta på møte og seminar kan ofte vere krevjande for verksemdene. Dei digitale møteplassane gjer det enklare for fleire å delta på arrangement.

Bilete av dame som står ved eit bord og pratar - Klikk for stort bilete Fjellnettverket


I arbeidet med prosjeket Mat og opplevingar i fjellet er det lagt opp til ei rekke webinar:

Webinar 23. mars 2023, «Korleis bli betre i sosiale media»

Bloggar og kokebokforfattar Nevada Berg hadde innlegg om korleis ho jobbar når ho skriv og fortel om norsk tradisjonsmat. Skal ein nå fram med produkta sine og vere synleg på sosiale media kan det å ha ei eigen stemme og ta gode bilete, vere ein stad å begynne.

I webinaret delte Nevada kunnskap om formidling og historieforteljing og korleis ho jobbar for å vekse i sosiale media.

Webinar 26. februar 2023, «Salet av lokalmat – korleis går det eigentleg?»

Salet av lokalmat og drikke har auka jamt og trutt dei siste åra og målet om ei årleg omsetning på 5 mrd. kroner på landsbasis er nådd for lengst. Uro i Europa og prisauke påverkar både dei som produserer og dei som er kjøparar av lokalmat.

Med webinaret var målet å gje ein situasjonsrapport om korleis det går med salet av lokalmat. Deltakarane fekk høyre om korleis salskanalane jobbar og kva som er erfaringane til produsentar og matnettverk.

Foredragshaldarar var Petter Bjørgan frå Stiftinga Norsk Mat. Petter er ansvarleg for bransjeportalen lokalmat.no og for målingar av salet av lokalmat i Noreg. Annette Svastuen, dagleg leiar i Gudbrandsdalsmat, matnettverk som sel og distribuerer lokalmat frå 29 ulike produsentar i Gudbrandsdalen til heile landet. Og Jarle Rueslåtten frå Rueslåtten Ysteri.  Jarle og Rakel driv mjølkeproduksjon, stølsdrift og produserer ostar verdsklasse.

Webinar 17. november 2022, «Rapport om berekraft i fjellområda»

For å formidle resultat frå rapporten  «Mat og opplevingar i fjellet vart det arrangert tre webinar om ulike tema i rapporten. Det var lagt opp til at deltakarane kunne stille spørsmål til forskarane.

I det fyrste webinaret gjekk foredragshaldarane Sebastian Eiter og Kari Randen djupare inn i bakgrunnen for rapporten og korleis produksjonen i fjellområda påverkar berekrafta i fjellområda.

Sebastian Eiter, geograf og forskar på Nibio, ga ein presentasjon av dei samla funna i rapporten med særleg vekt på berekraft. Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket hadde innlegg om kvifor det er viktig at fjellområda har ein eigen rapport som ser på korleis produksjonen i fjellet påverkar berekraft og klima.

Webinar 25. november 2022, «Reiseliv og arealkonfliktar»

Det andre webinaret hadde tema «Reiseliv og arealkonfliktar. Bjørn Egil Flø, bygdesosiolog og forskar frå NIBIO med utmarksforvaltning, bygdekultur og landbrukspolitikk, hadde innlegg om reiseliv og berekraftig bruk av lokale ressursar. Anders Bryn, professor i økologi frå Universitetet i Oslo og forskar ved Nibio, hadde innlegg om arealkonfliktar knytt til bruk at ressursar i fjellområda.

Webinar 1. desember 2022, «Beiting, beiteressursar og produkt frå fjellet» 

Det tredje og siste webinaret tok for seg problemstillingar knytt til beiting, beiteressursar og produkt frå fjellet. Yngve Rekdal, seniorrådgjevar i Nibio, hadde innlegg om beitekartlegging og beiteressursar. Hanne Sickel, forskar på Nibio, hadde innlegg om beiting, beitedyr og betydninga for biologisk mangfald og «produkt» av beiting.

Webinar 14. oktober; "Kva skal til for å få til auka sal av lokalmat?"

Temaet for webinaret var sal og kva som skal til for å auke salet av lokalmat. 
Øystein Timland frå Landsverk Gård, Anni Kristine Byskov får Annis Pølsemakeri og Renate Søndrål frå Garden Oppheim hadde innlegg om korleis dei jobbar med sal av sine produkt.

Nina Sundqvist frå Stiftelsen Norsk Mat hadde innlegg om framtidsutsiktene for salet av lokalmat etter kovid-19 og Pål Knutsson Medhus frå Ostebygda delte sine aller beste tips om sal og kva som skal til for å lukkast med sal av lokalmat.

Webinar 26. august, “Mat og reiseliv i fjellet – Kva no? ”

Etter to sommarsesongar prega av korona, var det på tide med ei oppsummering og eit blikk på framtida for reiselivet i fjellområda.

Tuva Thorson frå Langedrag Naturpark, Sondre Aasan frå Kråkeroe-staulen/Flatdal Meieri, Hans Brimi frå Brimi sæter hadde innlegg om sine erfaringar frå sommarsesongen og sine tankar om framtida.

Knut Fossgard frå tidlegare Viken fylkeskommune har forska på naturbasert reiseliv på NMBU. I webinaret hadde han hadde innlegg om framtida for reiselivet i fjellområda sett frå ein forskars ståstad.

Studietur

Gruppe menneksje på stranda med  - Klikk for stort bilete Fjellnettverket

Bønder frå fjellområda reiste i oktober 2023 på studietur til Færøyane for å lære meir om serveringsordninga Heimablidni. Den færøyske ordninga har gitt inspirasjon til ei prøveordninga der 12 gardsbruk skal teste ut om ei liknande ordning kan passe for gardsbruk i fjellområda. 

Inspirasjon frå Færøyane

Inspirasjon til arbeidet med Bonden bord er henta frå Færøyane. Ordninga på Færøyane kom i stand etter ein stor vekst i reiselivet, der det vart behov for fleire serveringsstadar der gjestene kunne få servert god og lokalprodusert mat. Fjellområda har stor tilstrøyming av gjester i helger og feriar og ofte er det få stadar der ein kan få servert lokalprodusert mat. 

Samle erfaringar og praksis

Servering frå private kjøken finst i fleire former, men det er få erfaringar å finne der serveringa er knytt til gardsbruk som produsesrar einge råvarer. For at deltakarane i prøveordninga skulle få  svar på spørsmål og sjå korleis Heimablidni fungerer i praksis, vart det arrangert studietur til Færøyane.  

Møte med reiselivsselskap og verksemder

På programmet var det lagt inn besøk hos fleire Heimablidni-verksemer og eit besøk hos Visit Færøyene. Gjennom besøka fekk deltakarane møte vertane som driv Heimablidni, lære meir om korleis ordninga fungerer i praksis og hente inspirasjon til eigen servering.

Det var god deltaking på turen, ni av dei tolv utvalde gardsbruka var med.
 

Kurs 

Bilete av ei hand som tar bilete med ein mobiltelefon - Klikk for stort bilete Emile Holba

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Med utgangspunkt i kartlegging gjort i starten på prosjektet er det lagt opp til ulike aktivitetar for å styrke kunnskapen til deltakarane som er med i prosjektet.

Tilbod om kurs i etablererprøve og skjenkeløyve

Før ein kan starte servering av mat og drikke som næring må ei godkjenning frå kommunen for dette.  Og før ein kan søke om godkjenning frå kommunen må dagleg leiar har bestått etablererprøve og kunnskapsprøve i alkohollova.

Deltakarane i Bondens bord har fått tilbod om kursmateriell for digitale kurs i etablererprøve og kunnskapsprøve om alkohollova.

Kurs i økonomi og kalkulering

For å auke kunnskapen om korleis ein skal rekne prisar på produkt og tenester har deltakarane i Bondens bord fått tilbod om å delta på kurs i økonomi og kalkulering.

Fotokurs 

Sosiale media er ein viktig marknadsføringskanal for dei som er med i prøveordninga Bondens bord. Verksemdene har difor blitt oppfordra til å starte arbeidet med å bygge seg opp ei Facebook-side eller Instagramkonto med følgjarar. For å hjelpe verksemdene til å bli betre til å ta bilete til sidene sine er det arrangert digitalt fotokurs. Kurshaldar var fotograf Fredrik Holte Breien frå Valdres Natur og kulturpark.