Bønder frå fjellområda til Færøyane for å lære om Heimablidni

Bønder frå fjellområda reiste på studietur til Færøyane for å lære meir om serveringsordninga Heimablidni. Den færøyske ordninga har gitt inspirasjon til at 12 gardsbruk skal teste ut om ei liknadne ordning kan passe for gardsbruk i fjellområda. 

Et bilde som inneholder utendørs, klær, himmel, personAutomatisk generert beskrivelse

 

Inspirasjon frå Færøyane

Inspirasjon til arbeidet med Bonden bord er henta frå Færøyane. Ordninga på Færøyane kom i stand etter ein stor vekst i reiselivet, der det vart behov for fleire serveringsstadar der gjestene kunne få servert god og lokalprodusert mat. Fjellområda har stor tilstrøyming av gjester i helger og feriar og ofte er det få stadar der ein kan få servert lokalprodusert mat. 

Samle erfaringar og praksis

Servering frå private kjøken finst i fleire former, men det er få erfaringar å finne der serveringa er knytt til gardsbruk som serverer eigne råvarer. For at deltakarane i prøveordninga skulle få svar på spørsmål og sjå korleis Heimablidni-serveringa fungerer i praksis, vart det arrangert studietur til Færøyane.  

Møte med reiselivsselskap og verksemeder

På programmet var det lagt inn besøk hos fleire Heimablidni-verksemer og eit besøk hos Visit Færøyene. Gjennom besøka fekk deltakarane møte vertane som driv Heimablidni, lære meir om korleis ordninga fungerer i praksis og hente inspirasjon til eigen servering.

Det var god deltaking på turen, ni av dei tolv utvalde gardsbruka var med.