Ni nye gardsbruk vald ut til å vere med i Bondens bord

Til saman 21 utvalde gardsbruk jobbar no for å bli klare til å ta imot gjester for servering i sitt eige kjøken eller stove. Dei fyrste gardsbruka opna dørene i fjor haust, og denne våren er ni nye vald ut til å vere med i ordninga. 

Bondens bord på Mestrand gård Fjellnettverket

Inspirasjon frå Færøyane


Inspirasjon til Bondens bord er henta frå Færøyane og serveringsordninga Heimablidni, der gardsbruk opnar dørene og tar imot gjester for servering i sitt eige kjøken eller stove. Gjestene som besøker ei Heimablidni servering eller ei Bondens bord-verksemd får servert god mat produsert på lokale ressursar. 

Gjennom ei prøveordning har Fjellnettverket arbeidd for å teste ut om dette kan vere ei ordning som også kan passe for gardsbruk i fjellområda i Noreg. Dei fyrste gardsbruka opna dørene i fjor haust. Tilbakemeldingane både frå dei som serverar og dei som har vore gjester på Bondens bord er gode! 

Studietur i Noreg

I løpet av våren er fleire deltakarar inviterte med i prosjektet.  Det vart sendt ut ein invitasjon og interesserte gardsbruk vart oppmoda om å sende inn søknad om å bli med. Det kom mange gode søknadar og ni nye deltakarar er vald ut til å vere med.  

For at deltakarane skulle bli betre kjent og lære av kvarandre er det arrangert studietur med besøk hos dei gardsbruka som har vore med lengst i prosjektet. På turen var det besøk på Steig gard, Mestrand gård, Olestølen og Nerol gard. Deltakarane høyre gode historier og oppleve korleis Bondens bord fungerer i praksis. 


Dei nye deltakarane i Bondens bord er: 


Garden Oppheim, Ål i Hallingdal
Toen gard, Flesberg i Numedal
Breie gard, Etnedal i Valdres
Heggerud Gård, Sør-Fron i Gudbrandsdalen
Storeggen gård, Tynset
Skålid nigard, Fyresdal
Rudland gård, Sør-Fron
Havrevollen, Engerdal
Søre Hovde, Dovre