Emile Holba
Nye reisevanar skapar nye moglegheiter
Fleire og flere reisande ønskjer i dag autentiske opplevingar utanfor allfarveg - møte med ekte folk, lokale smakar og unike stadar. På Færøyane har ordninga Heimablidni hatt stor suksess: Der opnar gardsbruk og privatpersonar heimane sine og serverer mat laga på eigne kjøken, basert på lokale råvarer. Dette har gittt auka turisme og verdiskaping for lokalsamfunna.
Inspirert av dette har Fjellnettverket dei to siste åra testa ut ei liknande ordning i Noreg - Bondens bord. Erfaringane så langt har vore svært gode. Både gjester og gardsbruk melder om unike opplevingar, stoltheit og nye mogelegheiter. No opnar vi ordninga for fleire, og håpar nettopp du vil vere med.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer gardsbruk som:
- ligg i fjellkommunar i Innlandet, Telemark, Buskerud eller Agder
- vil tilby servering med utgangspunkt i gardsbruket
- lagar og serverer mat på eige kjøken eller i eiga stove
- tilbyr ein meny basert på eigne eller lokale råvarer
(Det er ein fordel om garden produserer eigne råvarer som kan brukast i serveringa.)
Kva tilbyr Fjellnettverket?
Som deltakar i Bondens bord får du:
- tilgang til eit aktivt nettverk av andre med erfaring frå Bondens bord
- kurs, samlingar og møteplassar for å auke kunnskapen om Bondens bord
- synleggjering av ordninga og dei som er med
- tilgang til fagfolk og gode støttespelarar
Kort sagt – vi hjelper deg i gang!
Vil vere med?
Klikk på lenkja og fyll ut søknadsskjemaet: Søknadsskjema Bondens bord
Har du spørsmål, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.