Fjellnettverket
Fagleg tyngde og praktiske erfaringar
Webinaret samla både forskarar og erfarne produsentar som delte innsikt, råd og eigne erfaringar frå produksjon av bær under varierte klimatiske forhold.
Privat
Anne Linn Hykkerud, forskar ved NIBIO i Tromsø, opna med å presentere moderne produksjonssystem i tunnel. Med mange års erfaring frå arktisk hagebruk gav ho deltakarane ei grundig innføring i korleis tunnelar kan bidra til meir stabile avlingar og betre kvalitet i krevjande klima.
Privat
Deretter tok Anita Sønsteby, forskar ved NIBIO Appelsvoll, for seg fordelar og ulemper ved bærproduksjon i fjellet. Ho delte kunnskap om plantefysiologi, modning, vekstvilkår og kva produsentar bør vere særleg merksame på når dei etablerer felt i fjellregionar.
Produsentane delte sine historier
I webinaret var det også innlegg frå tre bærprodusentar som delte sine erfaringar frå ulike delar av landet:
Privat
Øystein Timland, solbærbonde i Hjartdal i Telemark, fortalte om drifta si med 45 mål solbær. Han vidareforedlar alle bæra til ulike typar saft som seljast i gardsbutikk, på messer og i Meny-butikkar. Deltakarane fekk høyre om både produksjon, produktutvikling og marknadsarbeid.
Privat
Erlend Moe frå Moe Gard i Øyer delte innsikt frå 12 år med bringebærproduksjon i Gudbrandsdalen. Garden tilbyr mellom anna sjølvplukk og leverer ferske bær til restaurantar og butikkar. Han presenterte også erfaringar med foredling av bringebær til syltetøy og gelé, og korleis dei har kombinert dette med eit felt med honningbær.
Privat
Steve Saltermark, bonde i Brønnøysund, fortalte om overgangen frå tradisjonelt husdyr- og grasbruk til stadig meir bærproduksjon dei siste 15 åra. Han dyrkar bringebær og jordbær i tunnel, samt solbær, tindved og frukt på friland. Steve delte praktiske erfaringar om drift, investeringar og val av artar og sortar.
Motivasjon, svar og nye idear
Deltakarane sette stor pris på kombinasjonen av forskingsbasert kunnskap og praktiske erfaringar, og det kom inn mange spørsmål om etablering, investeringar, sortsval og mogleg marknad. Fleire gav uttrykk for at webinaret gav både inspirasjon og betre grunnlag for å vurdere eiga satsing.