Webinar om rapporten Mat og opplevingar i fjellet

Som ein sentral del av arbeidet med prosjektet Mat og opplevingar i fjellet har NIBIO, på oppdrag frå Fjellnettverket, laga ein rapport som ser på korleis reiselivsaktiviteter og matproduksjon basert på lokale ressursar i fjellet påverkar berekraft og klima.

For at fleire skulle bli kjent med resultata frå rapporten er det arrangert tre webinar der forskarane bak rapporten har lagt fram problemstillingar og funn frå arbeidet.

Webinar: Rapport om berekraft i fjellområda

Det første webinaret vart gjennomført 17.11.2022. 

Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket orienterte om bakgrunnen for rapporten og kvifor det er så viktig at fjellområda har sin eigen berekraftsrapport.

Sebastian Eiter,  geograf (dr.polit.) og landskapsøkolog frå Nibio, med fagområde innanfor endringar i jordbrukets kulturlandskap og biologisk mangfald, ga ein samla presentasjon av funna i rapporten med særleg vekt på berekraft. 

Lenke til opptak av webinaret Rapport om berekraft i fjellområda 

Webinar: Reiseliv og arealkonfliktar

I det andre webinaret 25.11, var tema reiseliv og arealkonfliktar.

Bjørn Egil Flø, forskar frå Nibio med doktorgrad i sosiologi og hovudarbeidsområde innanfor utmarksforvaltning, bygdekultur og landbrukspolitikk, hadde innlegg om reiseliv og landbruk i fjellbygdene.

Anders Bryn, professor i økologi ved Universitetet i Oslo og forskar frå Nibio, med arbeidsområde kartlegging, landskapsendringar, klima og reiseliv, held innlegg om arealkonfliktar i fjellet.

Lenke til opptak av webinaret Reiseliv og arealkonfliktar 

Webinar: beiting, beiteressursar og produkt frå fjellet

Webinaret vart gjennomført 1.12.22.

Yngve Rekdal, seniorrådgjevar i Nibio med hovudarbeidsområde innanfor området beitekartlegging og beiteressursar, hadde innlegg om innlegg om ressursgrunnlag,  beitebruk og husdyrbeite i utmark.

Hanne Sickel, vegetasjonsøkolog frå Nibio, med hovudarbeidsområde innanfor beitedyr, beitemønstre og verknaden av beiting på biologisk mangfald. 

Lenke til opptak av webinaret Beiting, beiteressursar og produkt frå fjellet