Næringsliv

Fjellområda i Noreg har naturgitte føresetnader med anna grunnlag for utvikling og forvaltning enn andre område i  Noreg. God forvaltning og bruk av desse områda stiller spesielle krav, og kan skje best når det bur folk i og nær fjella.

Fjellnettverket  meiner det er det behov for ein næringspolitikk som  byggjer på og utviklar ressursgrunnlaget i fjellområda. I dag har næringslivet i desse områda mindre vekst enn mange andre område. Unntaket har i fleire tiår vore reiselivet, som har vore ein sentral drivar for utvikling og vekst. Korona-utbrotet har gjort at det er usikkert korleis dette kjem til å utvikle seg framover. I fjellområda har den relative indeksen for arbeidsplassar i privat sektor dei siste ti åra vore 9,7 prosentpoeng svakare enn arbeidsplassveksten i landet som heilskap.

I fjellområda treng vi innbyggjarar, og vi treng kompetent arbeidskraft for å møte demografiutfordringane og for å halde oppe viktige offentlege tenesteområde. Derfor bør det i større grad satsast på næringsutvikling og tilflytting til fjellområda.

Ein offensiv nærings- og distriktspolitikk

Fjellnettverket meiner det er mogeleg å snu sentraliseringa og få til ei positiv utvikling som styrkjer næringslivet, sikrar busetting og gode liv i distrikta. Det er på tide med ein offensiv nærings- og distriktspolitikk  der ein tek i bruk fleire ulike verkemiddel. Slik sikrar ein vekst og busetting i desse delane av landet.

Fjellnettverket arbeider for: 

  • Brukartal og ikkje innbyggjartal bør leggjast til grunn både ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentlege tenester.
  • Distriktskommunar som avstår frå verdifulle naturressursar til storsamfunnet, må få behalde ein større del av verdiskapinga.
  • Flytte statlege arbeidsplassar frå sentrale strøk og ut i distrikta.
  • Kompetanse og studiestader