Fjellnettverket foreslår tiltak til distriktsnæringsutvalet

Konsekvensar av koronaviruset har råka fjellområda hardt. Fjellnettverket forslår eit nytt verdiskapingsprogram for fjellområda for distriktsnæringsutvalet.

Bilde av distriktsnæringsutvalet - Klikk for stort bilete Kari Randen

 

Fjellnettverket deltok på høyring i distriktsnæringsutvalet i januar. Men både verda og situasjonen for næringslivet i fjellet har endra seg sidan då. Nedstenginga og tiltaka for å redusere koronasmitte har råka fjellområda hardt. Ein årsak er samansetninga av næringslivet i fjellområda.  Låg arbeidsløyse og ein arbeidsmarknad der ulik kompetanse kan sysselsetjast er naudsynt for at fjellområda skal vere attraktive plassar for fastbuande.

Nytt verdiskapingsprogram for næringsutvikling i fjellområda

Fjellnettverket foreslår ei ny og målretta satsing på verdiskaping i fjellområda. Fjellnettverket meiner det er naudsynt med konkrete tiltak for å utvikle eit meir variert og framtidsretta næringsliv i fjellområda. Programmet «Verdiskapingsprogrammet for  næringsutvikling i fjellområdene» frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet i perioden 2012-2017, bør brukast som utgangspunkt for ei ny satsing.

Fjellnettverket meiner det ligg eit stort potensial i å auke verdiskapinga i fjellområda. Nedgang i folketal og eit einsidig næringsliv er tendensar det er mogeleg å endre på. Naturressursar som reint vatn, natur og  areal, kjem til å bli meir etterspurd i framtida. Produksjon av rein, trygg mat som nyttar utmarka, likeså. Eit reiseliv som tek utgangspunkt i lokale matproduksjon og opplevingar, næringsverksemd mot fritidsinnbyggaren, gir grunnlag for vekst. Men skal me nytte desse ressursane og få eit robust og framtidsretta næringsliv, trengs det fleire arbeidsplassar som er attraktive for yngre folk med høg utdanning. Det er liten tvil om at den digitale utviklinga, om det blir lagt til rette for det, vil redusere avstandsutfordringane i framtida, og gjere det mogeleg å etablere verksemder i og rundt fjellet.

Fjellnettverket meiner det er nødvendig med ei sterk satsing som kan styrke næringsutviklinga i fjellområda. Den bør legge vekt på verdiskaping på tvers av regionane, auka samarbeid og nettverk på tvers av dalføra. Ei ny målretta satsing på innovasjon, kompetanse og berekraftig utvikling, vil gje eit viktig bidrag i å styrke innovasjonsgraden og næringslivet i fjellet.

Endre inntektssystemet til kommunane

Kommunar og regionar legg eit viktig grunnlag for god og systematisk næringsutvikling lokalt. Fjellnettverket ynskjer å understreke at gode kommunale rammevilkår er sentralt for å legge til rette for lokal og regional næringsutvikling. Ei spesiell utfordring for fjellkommunane er at overføringane til kommunane baserer seg på innbyggarar og ikkje på faktiske brukarar.

Utfordringa har auka over tid. Sidan 90-talet har endringane i måten nordmenn brukar og byggjer fritidsbustader endra seg: Frå små hytter med enkel standard, til ein bustad nummer to, med høg standard. Fritidsinnbyggaren brukar meir tid på hytta og i kommunen hytta ligg i. Mange fjellkommunar får mangedobla innbyggjartalet i høgsesongen, noko som har vorte aktualisert i samband med hytteforbodet og beredskap. Debatten rundt dette viste at i ein krisesituasjon er det mange som ynskjer å bruke fritidsbustaden som ein beredskap og kjenner at dette er plassen dei høyrer heime.

I ein normalsituasjon får kommunane mange positive ringverknader av fritidsbustadene. Men òg store utgifter. mellom anna på grunn av opphaldsprinsippet, infrastruktur og til behandling av byggesaker. Situasjonen rundt koronaviruset har vore og er svært spesiell, men den viser at hyttekommunar står overfor store utfordringar. Fjellnettverket meiner at inntektssystemet for kommunane bør endrast. Overføringane til kommunane blir berekna etter talet på heiltidsinnbyggerar og tek ikkje høgde for at måten nordmenn bur og brukar fritida si har endra seg. Fjellnettverket ber distriktsnæringsutvalet vurdere om det er mogeleg å endre berekningsgrunnlaget frå innbyggar til brukar eller finne ei anna form for å kompensere kommunane.

Overgangen til det digitale samfunnet er ikkje for alle

Når skular, barnehagar og arbeidsplassar stengde på grunn av  koronaviruset, har det ført til at mange både innan privat og offentleg sektor har teke store digitalt steg inn i framtida. Undervisning, arbeid og til og med sosiale hendingar skjer på nett. Men desse mogelegheitene er ikkje likt fordelt. Den digitale dekninga er svært dårleg eller manglar mange stader i fjellområda. Konsekvensen er at både næringslivet og innbyggarane kjem enno lenger bak i denne utviklinga.

Fjellnettverket meiner at i dagens digitale samfunn, bør tilgang på rimeleg høghastighets breiband være ei rettigheit uavhengig av kvar i landet ein bur. Næringslivet i fjellområda er sårbart, mangel på høghastigheits breiband er ei stor ulempe for å starte verksemder, ha lønsam drift og auke kompetansen. Behovet for tilgang til høghastigheits breiband kjem til å vekse i framtida. Ei utbygging av breiband med høg hastigheit vil gje mogelegheiter til å skape sin eigen arbeidsplass, auke kompetansen, jobbe fleksibelt og eit heilt nødvendig grunnlag for næringsutvikling i distrikta.

Innspel frå Fjellnettverket til Distriktsnæringsutvalet (PDF, 76 kB)