Fjellnettverket med innspel til jordbruksforhandlingane
Inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper må tettast, meiner Fjellnettverket i innspel til jordbruksforhandlingane. Fjellnettverket meiner det er naudsynt å ha ein politikk som gir gode inntekstmogelegheiter på små og mellomstore bruk og held gardar og jord i drift.
Emilie Holba
Fjellnettverket meiner at årets jordbruksoppgjer spesielt bør prioritere:
• Eit inntektsløft og tetting av inntektsgapet.
Næringsutøvar i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre yrkesgrupper og små og mellomstore bruk bør prioriterast .
• Kostnadsdekning
Det må gis full kostnadsdekning for økte kostnader til handelsgjødsel, byggemateriale og energi.
•Støtte til klima og miljøtilpassingar
Med krav om dyrevelferd og mål om klima og miljøtilpassingar til landbruket, må Landbrukets utbyggingsfond (LUF) styrkast
Les innspelet til Fjellnettverket til jordbruksforhandlingane (PDF, 148 kB)
Publisert 23.02.2022 11.53
Sist endra 17.01.2023 09.55