Emile Holba
Innspel frå Fjellnettverket til oppskrift for meir lokalmat
Me takkar for mogelegheit til å kome med innspel. Fjellnettverket støttar regjeringa i sitt arbeid for å auke bruken av lokalmat. Me vil påpeike nokre innsatspunkt som vil vere viktig å satse på for å auke både produksjon og bruk av lokalmat framover.
Fjellnettverket er eit politisk nettverk, med både fylkeskommunar, interkommunale politiske råd og kommunar som medlemmer. Me dekker eit område frå Setesdal i sør til og med Trøndelag i nord.
Fjellnettverket meiner ei oppskrift for auka bruk av lokalmat bør innehalde konkret politikk på følgande område:
Offentlege innkjøp
Det offentlege bør kjøpe inn lokalmat i mykje større grad enn i dag. Ei offensiv satsing på å auke lokalmatproduksjonen bør ha praktiske konsekvensar òg for det offentlege. Auka bruk av lokalmat av stat, fylkeskommunar og kommunar vil gje mange lokalmatprodusentar pålitelege, langsiktige avsetting på produkt og dette kan vil bidra til ein meir stabilitet i lokalmatmarknaden. Eit krav om ein viss del av alle offentlege innkjøp skal gjerast lokalt ville hatt stor innverknad.
Styrke inntektsutviklinga til bøndene
Kostnadsutvikling og låg inntektsutvikling og auka formelle krav til bønder, har ført til nedlegging av mange gardsbruk i Noreg. Optimismen og satsingsviljen i næringa går ned. Særleg gjeld dette i fjellområda, som har små og mellomstore bruk, kort vekstsesong og liten mogelegheit til stordrift.
Når det blir færre bønder, er det ei utfordring for dei gardbrukarane som er att. Fagleg utvikling, erfaringsutveksling og ikkje minst samarbeid med andre, er avhengig av at det er andre som driv med det same i eit område. Mange lokalmatprodusentar er tett knytt opp mot samvirke og nyttar dette i produksjonen sin.
Skal produksjonen av lokalmat aukast, må heile landbruksnæringa styrkast.
Verkemiddelapparatet må tilpassast verkelegheita hjå bonden
I praksis betyr det at ein bør gjennomgå og samordne verkemiddelapparatet og vurdere om søknadsprosessar kan gjerast enklare og meir tilpassa kvardagen til bonden. Forenkling og tidlegare utbetaling av tilskot hjå Innovasjon Noreg vil kunne stimulere til nyskaping og utvikling av lokalmat.
Auka samarbeid på tvers av dalføre og fylkesgrenser
Innovasjon Noreg og Landbruks- og matdepartementet har gjennom mellom anna gjennom satsinga på Internationale Grüne Woche delt landet inn i regionar. For fjellområda har dette vore ei styrke og gitt samarbeid på tvers av fylke og dalføre.
Som prosjektleiar for Fjell-Noreg på IGW og i prosjektet «Mat og opplevingar i fjellet» ser Fjellnettverket eit stort potensial i styrke samarbeid mellom fylka både på produsentnivå og verkemiddelapparatet. Ei styrka satsing på regionar, vil vere nyttig for felles marknadsføring, utviklingskapasitet og for å marknadsføre Noreg mot utanlandske gjester.
Styrke samanhengen mellom matproduksjon, lokalmat og reiseliv
Reiselivet i Noreg er avhengig av bruk av utmark og kulturlandskapet. Det ligg eit potensial i å auke verdiskapinga gjennom å gjere reiselivet meir berekraftig ved å bruke lokalproduserte produkt. Men dette er ofte utfordringar knytt til kostnaden ved innkjøp. Her må det settast i verk tiltak, som kan føre til meir samarbeid mellom reiseliv og lokalmat.
Mat og opplevingar basert på natur og kultur bidreg til arbeidsplassar, styrkjer verdiskapinga og har eit stort potensiale i framtida.
Sikre finansiering til prosjekt
Fjellnettverket har satt i gang eit prøveprosjekt for å få til matservering heime hjå bonden etter modell frå Færøyane. Gardsbruk som brukar eige kjøkken eller stove til betalande gjester og serverer eigenprodusert, ureist mat. Så langt viser ordninga eit stort potensial som tilleggsnæring og det fører til meirsal av lokalmat. Det er fylkeskommunane og statsforvaltarane som har finansiert arbeidet. Fjellnettverket er ikkje aleine om gode initiativ knytt til lokalmat. I fjellområda er det mange initiativ som kan føre til utvikling, felles marknadsføring og styrking av lokalmat. Fjellnettverket ser mellom anna at det er store potensial i å finne nye, teknologiske løysingar for sal av lokalmat og for å få meir lokalmat inn i kaféar og gatekjøkken. Men det trengs at fylkeskommunar og andre instansar har dei nødvendige økonomiske verkemidla for å kunne finansiere arbeid med lokalmat kopla til reiseliv, landbruk og anna næringsutvikling.