Fjellnettverket med innspel til regjeringsforhandlingane

Kari Randen

 

 

Fjellnettverket ber om at den påtroppande regjeringa i legg inn ei «krisepakke for jordbruket» i den nye regjeringsplattforma.  For fjellbygdene og distrikta er det heilt nødvendig at jordbruket blir styrka og at dei gardsbruka som framleis er i drift kan utvikle seg vidare.

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder

Fjellnettverket ber om at den påtroppande regjeringa i legg inn ei «krisepakke for jordbruket» i den nye regjeringsplattforma.  For fjellbygdene og distrikta er det heilt nødvendig at jordbruket blir styrka og at dei gardsbruka som framleis er i drift kan utvikle seg vidare.

Fjellnettverket oppmodar også om at regjeringa følgjer opp med å endre verkemidla i jordbrukspolitikken. Verkemidla må i større grad enn i dag ta utgangspunkt i at ressursgrunnlaget på det enkelte bruket skal utnyttast. Dette er avgjerande for at både små og mellomstore bruk skal kunne oppretthaldast.

Inntektsgrunnlaget i jordbruk må styrkast. Inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper er for stort. Låg lønnsamheit i jordbruket får negative konsekvensar for sysselsetting og utvikling i distrikta. Det fører mellom anna til svekka sjølvforsyninga og redusert matberedskap.

Små og mellomstore bruk må prioriterast

Bønder i fjellbygdene melder om dårlegare inntekter og høgare utgifter, og talet på gardsbruk i drift er går ned. Særleg gjeld dette dei små og mellomstore bruka. Denne utviklinga kan ikkje halde fram, og ein  ny jordbrukspolitikk må ha verkemiddel som endrar dette. For fjellbygdene si utvikling er det avgjerande at små og mellomstore gardsbruk får betra sine rammevilkår.

Det blir aukande behov for mat

I følgje FN sitt klimapanel (IPCC) trugar klimaendringane allereie matproduksjonen i verda. Samtidig kjem behovet for mat til å vera aukande framover. IPPC bereknar at matproduksjonen må auke med 14 prosent kvart tiande år, om vi skal kunne møte den auka etterspørselen etter mat. Også Noreg, med dei spesielle vekstforholda me har, må auke vår matproduksjon. Me treng å oppretthalde alle gardsbruk som framleis er i drift dersom vi skal utnytte vårt grunnlag for matproduksjon. 

Biologisk mangfald må oppretthaldast

Ein stor del av jordbruket i fjellbygdene baserer seg på bruk av utmark, Gjennom beiting utnyttar ein ressursar som elles ikkje ville kunne nyttast til matproduksjon. Drøvtyggarar held ved like det biologiske mangfaldet. Attgroing og redusert beite påverkar allereie i dag artsmangfaldet. Jordbruket held ved like kulturlandskap og kulturarv, som òg er ein heilt sentral føresetnad for reiselivet i fjellet. 

Jordbruket har stort potensial for ei berekraftig omstilling

Jordbruket er ei næring som er særleg sentral i distrikta, både når det gjeld sysselsetting og som grunnlag for framtidig utvikling. I dag er situasjonen i jordbruket ikkje god nok til å utnytte dette potensialet. Ei «krisepakke» må følgjast opp med ei langsiktig satsing på jordbruket. Ringverknadene for anna næringsliv vil vera svært store, og det vil bidra til ei styrking av heile distrikts-Noreg.