Emile Holba
Høringssvar frå Fjellnettverket til forslag til nye retningsliner for arealbruk og mobilitet
Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. Fjellområda dekker omlag halvparten av arealet i Noreg og vi forvaltar store område både for innbyggjarar og tilreisande. Det er over 100 fjellkommunar i Noreg.
Fjellnettverket meiner dei gjeldande retningslinene har vore til hinder for busetting og utvikling i fjellkommunane.
Det er difor heilt nødvendig og svært positivt at retningslinene differensierer mellom regionar med større byar og distriktsområde og at det er spesifisert i retningslinene at dei bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn.
Dette legg grunnlaget næringsutvikling og gode bustader i fjellområda. Differensiering av retningslinene mellom by og distrikt, vil vere med på å bidra til utvikling av levedyktige fjellbygder.
Kommunane kjenner godt eige lokalsamfunn og at ansvaret for arealpolitikken er lagt til folkevalde på lokalt nivå, gjer at det er god demokratisk kontroll for dei innbyggarane som endringar får sterkast følgjer for. Difor er det viktig at retningslinene gjer det mogeleg for kommunane å bruke lokalt skjønn
Kommentarar og forslag til endring i enkeltpunkt:
I dei generelle retningslinene i kap. 3 er i stor grad dekkande, men me vil påpeike at ikkje alle er aktuelle for fjellkommunane. Dette gjeld punkt 3.1 Samordnet areal- og transportplanlegging. Vi støttar intensjonen i å samordne utbyggingsmønster og transportsystem for å få arealeffektive løysingar. Men å legge til rette for sykkel, gangvegar og kollektivtransport vil i praksis ikkje vere mogeleg i store delar av fjellområda.
Den same gjeld punkt 3.3 Handel og tjenester, der det står: Prinsippet om rett virksomhet på rett sted med hensyn til besøkstall, antall arbeidsplasser og transportgenerering skal legges til grunn for planleggingen. Det skal legges til rette for at handelsvirksomhet, store arbeidsplasser og publikumsrettede private og offentlige tjenestetilbud lokaliseres med god tilgjengelighet for kollektivtransport, sykkel og gange. Det bør legges til rette for at handelsvirksomhet og andre besøks- og arbeidsplassintensive virksomheter lokaliseres ut fra en regional helhetsvurdering tilpasset eksisterende og planlagt senterstruktur. Det bør settes av tilstrekkelige arealer til etablering av hurtiglading for både lette og tunge kjøretøy
I praksis kan ein spørje seg korleis ein skal legge til rette for at publikumsretta private og offentleg tenestetilbod med god tilgjengelegheit for kollektivtransport, sykkel og gange i mindre kommunar. Det er nødvendig med arbeidsplassar og næringsutvikling i heile landet òg i område med liten eller ingen kollektivtransport. Fjellnettverket forslår at desse endrast, flyttast til punkt 4, eller at det blir lagt inn ei presisering.
I kap. 1 står det Planleggingen skal legge til rette for tilstrekkelig boligbygging og næringsutvikling, med vekt på gode regionale løsninger. Kommunene skal ha handlingsrom til å kunne bestemme hvor nye boliger skal bygges ut fra lokale forutsetninger.
For utvikling av bygdene i fjellområda er det viktig at det i retningslinene presiserast at kommunane skal ha handlingsrom for å kunne bestemme kvar nye bustader skal byggast ut frå lokale forestnader.
Men i punkt 3.4 heiter det: fortettingspotensialet i boligområder og andre utbygde arealer skal kartlegges og bør utnyttes før det blir lagt til rette for utvidelse av eksisterende boligområder og utbygging i nye områder.
Om kommunane skal kunne gjere lokale tilpassingar bør dette kome tydlegare fram i kap. 5. Fjellnettverket meiner det er positivt for utvikling av bygdene i fjellområda at det opnast opp for spreidd bustadbygging i område som er avsett til landbruks-, natur- og friluftsformål. Fjellnettverket meiner det er sentralt at retningslinene opnar for at kommunane kan bestemme kvar bustader og bustadfelt skal lokaliserast og at dette bør tydeleggjerast.