Gode ord er ikkje nok- det må gjerast noko

Det er på tide med ein offensiv politikk der ein set i verk dei føreslåtte tiltaka frå både Demografiutvalet, Distriktsnæringsutvalet og ungdomens distriktspanel. . Nå må ord gjerast om til handling. 

 

Rådsmøte i Fjellnettverket har vedteke følgjane uttale: 

GODE ORD ER IKKJE NOK - DET MÅ GJERAST NOKO

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for fjellområda i Sør-Noreg. Me representerer fjellfolk frå Setesdal i sør til Trøndelag i nord og arbeider for levande og livskraftige fjellbygder.   

Fjellnettverket er uroa over utviklinga og framtida til distrikta. Fjellområda står ovanfor store utfordringar.

Dei siste to åra har det vore sett ned fleire offentlege utval som har arbeidd med framtida for distrikts-Noreg. Desse har nå levert sine rapportar. Utfordringane som både  Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet peikar på, er svært dekkande også for fjellområda: Færre i arbeidsfør alder, fråflytting, fødselsunderskot og mangel på arbeidskraft med relevant kompetanse.

Både Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet har gjennom grundige utgreiingar kome med forslag til ulike politiske tiltak som er nødvendige for å sikre distrikta si framtid. Ungdomens Distriktspanel, samansett av ungdom frå distrikta, har kome med gode ti gode råd med fleire tiltak som gir ei klar retning om kva som skal til for unge skal ha lyst til å bu, arbeide og investere framtida si i distrikta.

Forslaga er mange: tilrettelegging for eit meir variert næringsliv, fleire utdanningsstader i distrikta, desentralisering av statlege arbeidsplassar, endring av inntektssystemet for kommunane, betre beredskap, høghastigheitsbreiband over heile landet, og så vidare.

Mange av desse forslaga må gjennomførast, slik at ein kan sikre busetting og gode liv i distrikta. Det er på tide med ein offensiv politikk der ein set i verk dei føreslåtte tiltaka. Nå må ord gjerast om til handling.