Godt grunnlag for ny og offensiv distriktspolitikk

Distriktsnæringsutvalet sitt arbeid er sluttført. Fjellnettverket meiner dette er eit godt utgangspunkt for ny distriktspolitikk, og at utvalet har forslått tiltak som vil vere viktige for fjellområda framover. Høyringssvaret frå Fjellnettverket er no klart, og Fjellnettverket oppmoar alle medlemmene til å svare på høyringa. 

 

Bilde av medlemmene i Distriktsnæringsutvalet - Klikk for stort bileteDistringsnæringsutvalet under innspelsmøte Kari Randen

   

Fjellnettverket meiner det er mogeleg å snu sentraliseringa og få til ei positiv utvikling som styrkjer næringslivet, sikrar busetting og gode liv i fjellområda.

- Det er på tide med ein offensiv nærings- og distriktspolitikk der ein tek i bruk fleire ulike verkemiddel. Slik sikrar ein vekst og busetting i desse delane av landet. Innstillinga frå Distriktsnæringsutvalet kan bli eit  godt grunnlag for ein  ny distriktspolitikk, seier dagleg leiar i Fjellnettverket Kari Randen. 

NOU 2020:12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn frå Distriktsnæringsutvalet tek for seg befolkningsutvikling og næringsutvikling i distrikta, og utvalet kjem med fleire forslag til politiske tiltak.

Fleire statlege arbeidsplassar til distrikta

Det faglege grunnlaget i rapporten viser at sysselsetjingsveksten i offentleg sektor har skjedd på ein slik måte at sentraliseringa har gått snøggare. I kommunar med sentralitetsklasse 6 har arbeidsplassveksten i offentleg sektor vore 23 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet sidan 2000-talet. Ser vi på fjellkommunane samla, er arbeidsplassveksten 15 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet. 

- Fjellnettverket meiner statlege arbeidsplassar bør fordelast ut over landet og støttar difor utvalets forslag om at det bør leggjast større vekt på lokalisering av statlege arbeidsplassar enn i dag.

Styret i Fjellnettverket meiner i tillegg det er nødvendig:

  • Med ein offensiv statleg politikk for å desentralisere statlege arbeidsplassar. Det bør vere ei tydeleg målsetjing at statlege arbeidsplassar blir flytte frå sentrale strøk og ut i distrikta.
  • At delar av regjeringsapparatet, avdelingar av direktorat og andre statlege verksemder bør flyttast ut av sentrale strøk, til kommunar i sentralitetsklasse 5 og 6.
  • At staten etablerer minimum 20 prosent av sine stillingar utan fast arbeidsstad. Dette vil leggje til rette for at statstilsette kan bu andre stader enn der kontora er lokaliserte.
  • Arbeidsplassar som er lokaliserte rundt om i landet vil etter vårt syn vere ein styrke for statleg forvaltning. For distrikta vil det føre til viktige kompetansearbeidsplassar og eit meir variert næringsliv. 

Inntektsystemet til kommunane
Fjellnettverket har arbeidd opp mot Distriktsnæringsutvalet og mellom anna foreslått ei endring i inntektssystemet for kommunane, der brukartal og ikkje innbyggjartal leggjast til grunn både ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentlege tenester. 

- Det er bra at utvalet tydeleggjer samanhengen mellom inntekter til kommunane og næringsutvikling. Fjellnettverket har støtta utvalet i at kommunar som avgjer naturressursar må få behalde ein større del av verdiskapinga lokalt, seier Randen. 

Oppmoar medlemmene om å svare på høyring
Fjellnettverket meiner denne NOUen er spesielt viktig og vil arbeide for at fleire forslaga til utvalet skal bli praktisk politikk og gjennomførte tiltak.

Høyringssvaret frå Fjellnettverket til NOU 2020:12 (PDF, 136 kB)