Distriktsmeldinga bør legge til grunn at berekraftig bruk av fjellområda og utvikling av ressursane i fjellet er eit viktig bidrag for å redusere den globale oppvarminga. God forvaltning, bruk og utvikling av våre område stiller derfor spesielle krav, og kan skje best når det bur folk i og nær fjella.
Ein heilskapleg og offensiv distriktspolitikk bør innehalde:
· Ein plan for utvikling av fjellområda i tråd med det grøne skiftet.
· Sikre at bruk av naturressursar gir inntekter til lokalsamfunna.
· Inntektssystem til kommunane som baserer seg på brukartal.
· Styrking og utviding av differensiert arbeidsgivaravgift.
· Sikre etablering av nye, framtidsretta næringar i distrikta.
· Tiltak som fører til at det blir bygd ulike typar bustader over heile landet.
· Sikre kunnskap og kompetanse gjennom fleire utdannings-institusjonar i distrikta
· Styrking av inntektene i fjelljordbruket.
· Auka investeringar i infrastruktur.
Les heile innspelet frå Fjellnettverket (PDF, 141 kB)