Bionova er forankra i Hurdalsplattformen, der det står at «regjeringen vil oppfylle staten og landbrukets avtale om kutt av klimagassutslipp i landbruket ved hjelp av nye verktøy. Det viktigste nye verktøyet vil være etablering av Bionova, en finansieringsmekanisme til støtte for klimatiltak i landbruket.» Oppdraget til Bionova vart utvida i budsjettforliket med SV, og det er teke inn skogbruk og havbruk i ordninga. Målet er at Bionova skal være operativt frå andre halvår 2022.
Landbruk bør prioriterast.
Fjellnettverket har i sitt innspel teke til orde for at landbruket bør prioriterast spesielt. Det er særleg viktig at små og mellomstore bruk får støtte til omlegging til meir klimavenleg produksjon og at tiltaket bør støtte opp under dei vedteke måla for landbrukspolitikken.
Bionova bør difor finansiere konkrete klimatiltak på kvar enkelt gard. Målgruppa bør vere bonden sjølv og Bionova bør utviklast slik at det er ei rettigheitbasert ordning og ein del av verktøykassa til bonden.
Landbruket i Noreg har store variasjonar og styret i Fjellnettverket meiner Bionova må ta sikte på å ta omsyn til ulike typar drift og ulike klima og vekstsoner. Tiltaka bør dekke auka driftskostnader ved omlegging til meir klimavennleg jordbruk. Det må skje både med at utsleppa i matproduksjonen blir reduserte og at matproduksjon og landbruk skjer slik at mest mogeleg karbon blir bunde i jorda. Då treng kvar enkelt bonde økonomi til å gjere dei naudsynte tilpassingar i drift og investeringar.
Les innspelet frå Fjellnettverket til regjeringa (PDF, 106 kB)