Innspel til demografiutvalet

Folketalet i distrikta kjem til å synke i åra framover og befolkninga kjem til å vere eldre. Dersom befolkninga i distrikta består av eldre med liten kontakt med storsamfunnet, kan me få eit todelt, polarisert samfunn. Me risikerer at distrikts Noreg blir ein vakker gamleheim, sa Victor D Norman som har leia demografiutvalet då han overleverte NOU 2020:15 Det handler om Norge. Fjellnettverket hadde fleire innspel til arbeidet. 

Fjellnettverket støttar utvalet i at det er eit stort behov for politisk nytenking for å sikre framtida for distrikta. Utfordringane må møtast med ei rekke tiltak på ulike område. Det er nødvendig med ein offensiv politikk med klare målsetjingar og nye verkemiddel for å møte utfordringane distrikta og landet står ovanfor.

Heilskapleg og offensiv nærings- og distriktspolitikk
Fjellnettverket meiner det er mogeleg å snu sentraliseringa og få til ei positiv utvikling som styrkar næringslivet og sikrar busetting og gode liv i distrikta. Det må til ein heilskapleg og offensiv nærings- og distriktspolitikk der fleire ulike verkemiddel blir tekne i bruk. Slik kan ein sikre vekst og busetting over heile landet. Offensive og klare målsetjingar

Fjellnettverket støttar utvalet i at ambisjonsnivået for distriktspolitikken bør vidareutvikle særpreget og skilnadene mellom by og bygd. Men Fjellnettverket meiner i tillegg at det bør leggast til grunn mål om å auke innbyggartalet og særleg talet på barn og unge i distrikta. 

Les heile innspelet frå Fjellnettverket (PDF, 189 kB)