Innspel til jordbruksforhandingane

Inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper må tettast, meiner Fjellnettverket i innspel til jordbruksforhandlingane. Fjellnettverket meiner det er naudsynt å ha ein politikk som gir gode inntekstmogelegheiter på små og mellomstore bruk og held gardar og jord i drift.

Kyr på beite - Klikk for stort bilete Elin Halland Simensen

Fjellnettverket Innspel til jordbruksforhandlingane er sendt til faglaga og Landbruks- og matdepartementet.

Innspel frå Fjellnettverket

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. Fjellområda dekker omlag halvparten av arealet i Noreg, og kommunane i desse områda forvaltar store naturressursar. Fjellet og fjelljordbruket er viktig for berekraftig samfunnsutvikling og bruk av ressursane innanfor naturens tåleevne framover.

Ta vare på fjelljordbruket

Jordbruket i fjellområda er kjenneteikna av små og mellomstore bruk. Samla høyrer 20 prosent av alle aktive gardsbruk heime i våre område. På fjellgardane finn vi 22 prosent av alle landets mjølkekyr og ein tredjedel av alt storfe og all sau på utmarksbeite. Produksjonen er prega av kort vekstsesong og bruk av utmarksbeite. Dette gir mogelegheit for matproduksjon av høg kvalitet, men gjer det utfordrande å drive økonomisk lønnsamt. Lange vintrar og snødekke bidreg også til å halde sjukdommar unna planter og husdyr. Dei siste tiåra med effektivisering og nedgang i talet på gardsbruk har hatt svært negativ effekt på fjellområda.

Fjellnettverket meiner det er naudsynt å ha ein politikk som gir gode inntekstmogelegheiter på små og mellomstore bruk og held gardar og jord i drift.

Fjellnettverket meiner at årets jordbruksoppgjer spesielt bør prioritere:

  • Jordbruket treng eit inntektsløft og inntektsgapet må tettast. Næringsutøvar i landbruket må ha same inntektsmoglegheiter som andre yrkesgrupper og små og mellomstore bruk bør prioriterast  
  • Det må gis full kostnadsdekning for auka kostnader til handelsgjødsel, byggemateriale og energi.
  • Med krav om dyrevelferd og mål om klima og miljøtilpassingar til landbruket, må Landbrukets utbyggingsfond (LUF) styrkast

Auk inntektene i jordbruket

Fjellnettverket meiner årets jordbruksoppgjer bør auke inntektene i jordbruket.

Me viser til Hurdalsplattforma der det står «ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet», ei målsetjing om ein sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer korrigert på import av fôrvarer på 50 prosent, og om utarbeiding av eit nytt talgrunnlag for å jamføre inntektsnivå med andre yrkesgrupper på meir korrekt vis. For å sikre jordbruk over heile landet må, som også plattforma seier, små og mellomstore bruk og fjellandbruket sikrast. Stortinget har bede regjeringa om, i l 2022, skulle legge fram ein konkret opptrappingsplan for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper innan fire år. Ein slik plan må raskt på plass og før dei kommande forhandlingane. Det må etablerast eit talgrunnlag som gir eit betre grunnlag for å vurdere inntektsnivået. Fjellnettverket meiner den største utfordringa for jordbruket i våre område er dårleg lønnsemd. Dette gjeld særleg inntektene for små og mellomstore bruk.

Fjellnettverket meiner difor at årets avtale bør innebere ein vesentleg auke og vere første året i ein tidsplan, til dømes på fire år, for at inntektene i jordbruket kjem opp til nivået til andre yrkesgrupper i samfunnet. For å sikre rekruttering til landbruket er det svært om å gjere at heile tidsplanen blir utarbeidd snart. Berre då kan ungdom som vurderer landbruk som framtidslevebrød, føle seg trygge på eit slikt val. Dei to siste åra har det vore stor auke i driftskostnadene i landbruket, først og fremst utgifter til straum, kunstgjødsel og byggematerialar. Årets jordbruksavtale bør kompensere for denne utgiftsauken.

Ramma for IBU-midlar må aukast. Krav til drifta innanfor jordbruket, som til dømes omlegging til lausdriftsfjøs og klimatilpassingar krev investeringar. Mangel på midlar går særleg ut over dei små og mellomstore bruka. Dette kombinert med låge inntekter, vil føre til nedlegging av gardsbruk. Fjellnettverket meiner ramma må aukast og at det må leggast til rette for at òg små gardsbruk kan få nytte desse midlane.

Ein avtale som aukar inntektene i jordbruket og er eit steg på vegen for å sikre framtidslandbruket, vil kome både bøndene og samfunnet til gode gjennom: 

  • Auka sjølvforsyning og beredskap for landet
    Korona-pandemien, krigen i Europa og klimaendringane syner at forsyningsliner er sårbare. Ifølgje FN sitt klimapanel (IPCC) trugar klimaendringane allereie matproduksjonen i verda. Samtidig kjem behovet for mat til å auke framover. IPCC bereknar at matproduksjonen må auke med 14 prosent på ti år om vi skal kunne møte den auka etterspørselen etter mat. Noreg med låg sjølvforsyning av landbruksmat bør auke vår matproduksjon meir enn dette. Høgare landbruksinntekter vil bidra til dette.
     
  • Berekraftig bruk av ressursane våre For å auke sjølvforsyninga i Noreg er to forhold spesielt viktige. Det gjeld utviding av kornarealet, og det gjeld utmarksgraset og andre planter til beite for drøvtyggjarar i fjella, det øvre skogbeltet og andre utsette område. Utmarksbeita er ressursar som elles ikkje blir nytta til matproduksjon. Drøvtyggjarar held også ved like det biologiske mangfaldet. Jordbruksavtala bør difor særleg støtte auka bruk av utmark, og bruk av mindre teigar i innmarka. Setring er viktig for å utnytte ressursane i utmarka, og det bør setjast av midlar som støttar opp om setring. Klimatilpassing Skal me nå klimamåla, må jordbruket bidra. Det må skje både med at utsleppa i matproduksjonen blir reduserte og at matproduksjon og landbruk skjer slik at mest mogeleg karbon blir bunde i jorda. Då treng kvar enkelt bonde økonomi til å gjere dei naudsynte tilpassingar i drift og investeringane. Jordbruksavtala bør difor innehalde konkret støtte til klimatilpassa omlegging.
     
  • Sikre rekruttering til næringa i framtida
    Stordelen av norsk mat er trygg, sikker og av god kvalitet. Skal me i framtida ha tilgang på og auke produksjonen av mat, er det naudsynt med rekruttering og satsing i næringa. Skal det bli attraktivt å drive gardsbruk, er mogelegheitene for inntening det viktigaste tiltaket. Ei inntekt på nivå med andre yrke, er heilt sentralt for at gardsbruk i fjellet blir halden i drift. For å sikre rekruttering og velferd i næringa, er det naudsynt med gode velferdsordningar. Refusjonsordningar til avløysing ved sjukdom, svangerskap, fødsel, ferie og fritid må styrkast.
     
  • Jordbruk styrkar andre næringar
    Jordbruket er ei sentral næring i mange fjellbygder. Lønnsemd for små og mellomstore bruk er nødvendig for både reiseliv og andre næringar i fjellområda. Ringverknadene for anna næringsliv vil vera svært store, og det vil bidra til ei styrking av heile distrikts-Noreg.
     
  • Forsking og utvikling
    Me treng meir forsking for å finne ut korleis utmarksressursane kan nyttast best råd til matproduksjon. Forsking kan gi oss bærekraftige driftsmåtar baserte på utmarksbruk og beitebruk som bidreg til å binde karbon i jorda. Forsking er også viktig for avle fram husdyr som i ein kombinasjon av utmarksbeite, heimeavla fôr og kjøpt fôr, gir høg og sikker produksjon. Dette er sentralt for å oppnå regionale og nasjonale mål for landbruket. Truleg kan grønsak- og potetdyrking igjen bli ei vekstnæring i fjellbygdene med fordelen av reine, lite sprøytte og gjødsla planter, og me treng forsøksverksemd knytt til dette. Nasjonalt senter for fjellandbruk vil vil kunne gje viktige bidrag til dette.
     
  • Mattryggleik
    Verdas matproduksjon kan bli ramma av plante- og dyresjukdommar, av klimaendringar, av krigshandlingar og forureining. Ei nasjonal matforsyning basert på mykje import er difor sårbar. Det same er ein norsk matproduksjon basert på mykje import av fôrmidlar, plantevernmidlar, maskinutstyr og medisinar. Raknar eitt ledd, kan mykje dette i hop. Det å ha mange aktive bønder og mange innbyggjarar med kunnskapar om matproduksjon er den beste måten å sikre matberedskapen på.
     
  • Unngå overproduksjon
    Inntektsopptrappinga for landbruket siste halvdel av 1970-talet favoriserte på mange vis stordrift i næringa. Resultatet vart ein overproduksjon av mjølk og kjøt og difor lågare produktprisar og ny nedgang. Den varsla opptrappinga no må ha desse sistnemnde, negative erfaringane i tankane og unngå ei gjentaking. Det inneber at meir vekt må leggjast på arbeidsinnsats, bruk av lokale ressursar og oppretthalding av drift. Produksjonsvolum og stordrift må nedprioriterast. Ei styrking av små og mellomstore bruk må ikkje skje slik at desse endrar seg til store bruk slik. Rammevilkåra må sikre at dei kan oppnå akseptable inntekter og driftsmåtar med det bruksomfanget og dei naturressursane dei rår over.

Fjellnettverket meiner at det for samfunnet, for distrikta og for den enkelte bonde, no er heilt nødvendig at inntektene til bøndene kjem på nivå med andre grupper. Me treng jordbruk over heile landet og me treng å sikre framtida for jordbruket i fjellområda.