Inntekter til fylkeskommunane - god videregåande opplæring over heile landet

Eit utval har på vegne av regjeringa kome med forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane. Rapporten Forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunene fra 2024 er sendt ut på høyring. Fjellnettverket har skrive eit innspel og støtta forslaget om at reiseveg til videregåande skule blir ein viktigare faktor når ein skal berekne kostnadene. Fjellnettverket meiner eit godt og variert vidaregåande tilbod over heile landet er svært viktig og at det er sentralt for framtida til fjellbygdene.

Rapporten til ekspertutvalet som har sett på og foreslått nytt inntektssystem har fått namnet Forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunene fra 2024. Utvalet hadde i mandatet oppdrag med å sjå på utgiftsutjamninga gjennom kostnadsnøkkelen, inntektsutjamninga av skatteinntektene, andre tilskot og fordelingar og behovet for overgangsordningar. Fjellnettverket har levert følgjande høyringssvar

Høyringssvar frå Fjellnettverket: Rapport frå ekspertutval om inntektssystemet for fylkeskommunane

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. Fjellområda dekker omlag halvparten av arealet i Noreg og det er store avstandar.

God vidaregåande opplæring er nødvendig for utvikling av fjellområda

Ekspertutvalet meiner at kostnadsnøkkelen for den vidaregåande opplæringa skal vere den same som tidlegare, men foreslår å endre vektinga. Utvalet foreslår større vekt på tal søkarar til læreplass og reiseavstand.

Fjellnettverket støttar ekspertutvalet sin konklusjon om å legge større vekt på reiseavstand til vidaregåande skule.

Me ser at det er utfordringar med å oppretthalde eit godt og variert tilbod til vidaregåande utdanning mange stader i fjellbygdene.

Me vil understreke at det er svær viktig at dette blir følgt opp vidare, slik at ein vurderer om endringa i kostnadsnøkkelen får tilstrekkeleg effekt i distrikta. Det er større kostnader å oppretthalde eit godt vidaregåande tilbod i distrikta.

Dette er viktig for den enkelte ungdom, som på grunn av lite tilbod ofte står ovanfor valet mellom å flytte heimanfrå eller gå på ei utdanning ein ikkje ynskjer. Mange vidaregåande skuler må legge ned utdanningsprogram på grunn av for få søkarar, men ungdomar i fjellområda ber om at det i større grad bør opnast for å oppretthalde eit variert og langsiktig tilbod slik at dei kan ta ei utdanning dei ynskjer og er motivert for.

Konsekvensane av eit lite mangfald i tilbod om vidaregåande utdanning i distrikta er at ungdom flyttar ut av bygda. Me viser til NOU 2020:15 som synleggjer ei sentral utfordring for fjellkommunane: å skaffe tilgang på kompetent arbeidskraft. Ein årsak til dette er at utdanningsinstitusjonane i stor grad er lokaliserte i sentrale område. Eit høgt utdanningsnivå er viktig for å utvikle nye løysingar, innovasjon, og for ei berekraftig og grøn omstilling.

Fjellnettverket meiner eit godt og variert vidaregåande tilbod over heile landet er svært viktig og at det er sentralt for framtida til fjellbygdene.