Ny fjellov og festetomtavgifter til Statsskog

Styret i Fellnettverket har bedt  Landbruks- og matdepartementetet om å ferdigstille arbeidet med ny fjellov. I tillegg meiner styret at departementet bør vurdere korleis Statsskog forvaltar festeavgifter for reiselivsnæringa i statsallmenningane.

Statsskog har ansvaret for festetomter til næringsverksemd og fastsetting og forhandling av festetomtavgifta for reiselivsnæringa i statsallmenningane. Festeavgifta frå Statsskog har konsumprisauke kvart år, samt retakstering kvart tiande år. Verksemder i fjellområda meiner retakseringa til Statsskog blir basert på urealistisk og uriktig marknadsverdi.

Fjellnettverket har sendt brev til Landbruks- og matdepartementet om saka.  På vegne av styret i Fjellnettverket ba Fjellnettverket om at regjeringa ferdigstilte arbeidet med ny fjellov og at me ba departementet vurdere korleis Statsskog forvaltar festeavgifter for reiselivsnæringa i statsallmenningane.

Brev frå Fjellnettverket til Landbruks og matdepartementet (PDF, 154 kB)

Til toppen