Ny fjellov

Store delar av fjellområda i Noreg er statsallmenningar og no har det kome eit forslag til nytt lovverk for desse områda.

Fjell Ål i Hallingdal - Klikk for stort bilete Kari Randen

 
 

Det regjeringsoppnemnte statsallmenningsutvalet har arbeidd fram ei ny fjellov som skal erstatte dei to lovene som i dag regulerer bruk og forvaltning av statsallmenningane. Forslaget frå utvalet er sendt ut på høyring. 

Eitt felles styre
Dagens ordning med eit fjellstyre og eit allmenningsstyre er foreslått endra til eit felles fjellstyre. Fleirtalet i utvalet meiner det skal vere eitt fjellstyre i kvar kommune der det er statsallmenning. Det skal likevel vere opp til kommunestyret å fastsetje om det skal vere eitt eller fleire fjellstyre, der det er fleire statsallmenningar innan ein kommune. 

Utvalet vil tydeleggjere den rolla fjellstyret skal ha med å legge til rette for friluftsliv. 

Delt utval
Utvalet har delt seg i eit fleirtal og eit mindretal i fleire spørsmål. I saker som samansetting av fjellstyra, oppsynsordninga, bruk av tilleggsjord og utnytting av vassfall, er utvalet delt.

Fleirtalet foreslår at Statskog ikkje lenger skal forvalte skogen i statsallmenningane, men at forvaltninga skal skje lokalt av fjellstyret slik som dei andre ressursane i statsallmenningane, og at inntektene frå skogsdrifta går til fjellstyret.

Fleirtalet i utvalet ynskjer å vidareføre oppsynsordninga slik den er i dag og at det blir gjort klart at fjelloppsynet utfører både privat- og offentlegrettsleg oppsyn. Mindretalet i utvalet meiner fjellstyra berre skal ha ansvar for det privatrettslege tilsynet.

Bruksrett i allmenningane
Ulike rettar til bruk i almenningane har stor verdi for den enkelte gardbrukar, for lokalt næringsliv og for busetting i bygder med allmenningar. Viktig for mange er rett til beite, seterdrift, tilleggsjord, hogst og samisk tamreinbeite. 

Utvalet er delt når det gjeld tilleggsjord og utnytting av vassfall. Fleirtalet i utvalet meiner allmenningsretten er slik at innhaldet i dei jordbrukstilknytte bruksrettane endrar seg med tida og tilhøva, og at utviklinga gjer at visse bruksmåtar no må reknast som bruksrettar i statsallmenning. Fleirtalet meiner tilleggsjord og utnytting av vassfall i statsallmenningane er døme på dette, og har fremja forslag om føresegner som gjer det klart at desse to bruksområda no skal vere rekna som jordbrukstilknytte bruksrettar. Mindretalet meiner det nye fjellstyret skal avgjere om jordbrukarane skal bli tildelt tilleggsjord. 

Statsallmenningslovutvalet starta arbeidet i 2016, og Karl Arne Utgård har leia arbeidet. Lovvforslaget er sendt ut på høyring. 

Høyringssvar frå Fjellnettverket til NOU 2018:11 - Ny fjellov (PDF, 89 kB)