Regionreform og desentralisering av oppgåver

Styret i Fjellnettverket meiner at oppgåvene som er foreslått overført frå staten til fylkeskommunane vil gjere det mogeleg for fylkeskommunen å i større grad bidra til regional samfunnsutvikling og tydeleggjere politisk ansvar. Samstundes er dei nye regionane er vesentleg større enn dagens fylkeskommunar. Det er derfor nødvendig at dei nye administrasjonane har kompetanse og kjennskap til lokale tilhøve og rammevilkår i heile regionen og at endringane ikkje fører til intern sentralisering.  

Distriktssenteret, Merkurprogrammet og SIVA

Ekspertutvalet foreslår å legge ned Distriktssenteret. Sentrale arbeidsoppgåver for senteret er å samle inn, systematisere og formidle informasjon om prosjekt og utviklingstiltak. Dei skal skaffe og formidle dokumentasjon om utviklingstrekk og utfordringar i distrikta. Styret i Fjellnettverket meiner at ved å overføre arbeidet frå Distriktssenteret til fylkeskommunane, står ein i fare for å miste den nasjonale kompetansen og overordna kunnskap om lokalsamfunnsutvikling. Det er naudsynt med erfaringar på tvers og Fjellnettverket meiner at desse oppgåvene bør ligge til eit nasjonalt organ.

Frå 2019 skal Distriktssenteret ha forvaltningsansvar for Merkurprogrammet. Programmet har vore eit verktøy frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å støtte opp om og utvikle butikkar i Distrikts-Noreg. Målsetninga er å sikre område med få innbyggarar og små marknader tilgang på daglegvarebutikk.

Ekspertutvalet foreslår at forvaltinga kan ligge hjå fylkeskommunen eller at fylkeskommunane kan samarbeide seg imellom om forvaltinga. Fjellnettverket vil understreke at mange stader i fjellområda er nærbutikken ein viktig samfunnsaktør og uavhengig av organisering er det viktig at ein opprettheld ei støtteordning til desse butikkane.

Fjellnettverket er skeptiske til at SIVA blir underlagt fylka. Eit nasjonalt nettverk er viktig for næringshagane og ei slik omorganisering fører med seg ein risiko for at arbeidet blir fragmentert.

Finansiering
I rapporten Regionreformen, desentralisering av oppgaver fra staten til fylkesskommunen, har utvalet i liten grad teke opp korleis finansieringa for dei nye regionane skal vere, det ligg heller ikkje til mandatet for utvalet. Utvalet føreset finansieringsmodellar som legg til rette for lokale prioriteringar. Øyremerka ordningar og tilskotsmidlar bør i følgje utvalet innrettast slik at fylkeskommunane får mogelegheit til å fordele og prioritere ordningane ut frå regionale behov. Styret i Fjellnettverket er positiv til dette, men vil understreke at målretta ordningar må fordelast ut frå reelle behov i fylkeskommunane og ikkje inngå i rammetilskot. Eit eksempel er behovet for utbygging av breiband, der det svært ulike behov i dei ulike fylka.

Regionalt næringsprogram

Ekspertutvalet foreslår at fylkeskommunane overtek ansvaret for Regionalt næringsprogram, og gjennom dette òg ansvaret for å gje Innovasjon Norge strategiske føringar på bruk av midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU-midla). Fjellnettverket vil i samband med dette understreke at det er store variasjonar i vilkåra til landbruket. I fjellområda i Noreg blir det drive landbruk med spesielle føresetnader der produksjonsforholda gjer det utfordrande å drive økonomisk lønnsamt. Dersom oppgåva skal flyttast til fylkeskommunen, er det viktig at fagmiljøa som skal forvalte ordningane har kompetanse om fjellandbruket og lokale forhold. Det vil vere ein fordel om ein kan vurdere utvikling i landbruket saman med anna næringsutvikling og styret i Fjellnettverket støttar forslaget til utvalet.

Utvikling av kompetansearbeidsplassar

Dei nye regionane er vesentleg større og dermed meir varierte enn dei eksisterande fylkeskommunane. Dei lokale og regionale skilnadene innanfor regionane er i mange tilfelle store. Fjellnettverket meiner reformen ikkje må føre til intern sentralisering og at det er ei mogelegheit for fylkeskommunen å ta i bruk og etablere nye regionale arbeidsplassar. Skal dei nye fylkeskommunane ta ei sterkare samfunnsutviklarrolle må samhandling med kommunane og dei ulike delane av fylka styrkast. Ein sentral føresetnad for god og effektiv oppgåveløysing i framtida er kjennskap til og kunnskap om lokale tilhøve.

Særlege distriktsutfordringar infrastruktur
Fjellnettverket støttar eit samla fylkeskommunalt ansvar for skuleskyss, kollektivtransport og helsetransport. Dette vil kunne gje samordningsgevinst og auka grad av brukarvenlege løysningar. Dette er særs viktig med tanke på at det nå utviklast system for mobilitet som bør kunne vere tverrsektorielle. Samordning er viktig for å oppretthalde og sikre tilbod i distrikta.

Når det gjeld vidare utgreiing av framtidig eigarskap til offentlige sjukehus, vil
Fjellnettverket påpeke at regional samhandling mellom sjukehus og primærhelsetjeneste er heilt grunnleggande for ein velfungeranda helsesektor. Omsynet til regional samfunnsutvikling tilseier at helsesektoren må integrerast i dei nye regionale fylkesplanane.