Straumkrisa råkar reiselivet i fjellet svært hardt

Det hastar med å sette i verk tiltak for å redusere kostnadene for reiselivet i fjellet. Etter to år med nedstenging og koronatiltak, har reiselivet no rekordstore utgifter til straum. Fjellnettverket er uroa over utviklinga i næringa og dei negative ringverknadene for fjellområda og har teke kontakt med både næringsministeren og olje- og energiministeren og Stortinget for å løfte denne saka. Bergsjøstølen fjellstue i Ål i Hallingdal Kåre Berg   

Dei to siste åra har restriksjonane råka reiselivet spesielt hard, med stor nedgang i omsetning og mykje usikkerheit. Koronatiltaka har ført til store økonomiske utfordringar på grunn av manglande inntening. Dette har også ført til at reiselivet har mista mykje kompetanse fordi mange tilsette har funne arbeid i andre næringar.
På toppen av dette kjem no ein ekstraordinær auke i straumprisane.

Råkar reiselivet i fjellet hardt
Det er to forhald som gjer at dette spesielt råkar reiselivet i fjellet: For det første er det eit kaldt klima, som fører til høge kostnader til oppvarming. For det andre er det ofte gamle bygg med store areal som skal varmast opp.
Aktørar i reiselivet seier til Fjellnettverket at dei samla utfordringane dei siste åra gjer at dei no vil få store vanskar med å gjennomføre investeringar som skal sikre verksemdene i framtida.

Viktig næring i fjellet 
Reiselivet er ei av dei viktigaste næringane i fjellområda. Sett samla har næringslivet i fjellområda mindre vekst enn resten av landet, og dei siste 20 åra har det vore nedgang i talet på arbeidsplassar. Frå 2000 og fram til i dag har arbeidsplassutviklinga i fjellområda vore 17 prosent lågare enn landsgjennomsnittet.
Når ei næring som er så sentral i mange fjellbygder blir så hardt råka av auka kostnader og tiltak, vil det få negative ringverknader for anna næringsliv og for framtida for distrikta.
Fjellnettverket oppmodar om å sette i verk tiltak raskt for å hjelpe reiselivet i fjellet med dei ekstraordinære straumkostnadene.

Til toppen