Rammevilkår for kommunar

Gode økonomiske rammevilkår for kommunane er sentralt for å leggje til rette for tenester for innbyggarane og næringsutvikling. Naturbilete frå fjellet, med ei einsleg hytte - Klikk for stort bileteBruken og bygginga av fritidsbustader har endra seg dei siste tiåra. Kari Randen  

Ei spesiell utfordring for fjellkommunane og andre distriktskommunar er at overføringane til kommunane baserer seg på innbyggjarar og ikkje på faktiske brukarar. Utfordringa har auka over tid. Sidan 90-talet har endringane i måten nordmenn byggjer og brukar fritidsbustader på, endra seg: Frå små hytter med enkel standard til bustad nummer to. Fritidsinnbyggjaren brukar mykje tid på hytta og i kommunen hytta ligg i. Mange fjellkommunar får mangedobla innbyggjartalet i høgsesongane.

Kommunar får fleire positive ringverknader av fritidsbustadene, men òg store utgifter, mellom anna på grunn av opphaldsprinsippet, infrastruktur og til behandling av byggjesaker. Overføringane til kommunane blir rekna etter talet på heiltidsinnbyggjarar og tek ikkje høgde for at måten nordmenn bur på og brukar fritida si på, har endra seg.

Fjellnettverket arbeider for at: 
Brukartal og ikkje innbyggjartal bør leggjast til grunn både ved lokalisering, dimensjonering og finansiering av offentlege tenester. . Vårt ønske er at fjellbygdene skal vere i stand til å tilby både innbyggjarane og fritidsinnbyggerane gode tenester.

Naturresursar

Distrikta og fjellområda forvaltar store naturressursar på vegner av heile landet. Bruk av desse ressursane kjem heile samfunnet til gode og er sentralt for å bremse oppvarminga og gjennomføre det grøne skiftet. Bruk av naturressursar medfører ulemper for lokalsamfunnet, og dei bør  kompenserast med inntekter som kjem lokalsamfunna til gode.

Fjellnettverket arbeider for 
At distriktskommunar som avstår frå verdifulle naturressursar til storsamfunnet, må få behalde ein større del av verdiskapinga. Desse inntektene bør heilt eller delvis haldast utanom inntektsutjamningssystemet.  Dette vil gi kommunane insentiv til å leggje til rette for å  nytte naturressursar og med det føre til auka  verdiskaping.