Rådsmøte 2024

 19. februar er er datoen for årets viktigaste møte i Fjellnettverket, rådsmøtet. Der avgjer medlemmene kva Fjellnettverket skal arbeide med framover. Denne gongen skal me drøfte korleis me skal forhalde oss til naturkrise, klimautfordringar og næringsutvikling og  ha gode diskusjonar om kva som blir viktig for fjellområda framover. 

  

Alle medlemmene i Fjellnettverket vel sine eigne representantar til å sitje i rådsmøtet. 

Møtet er i Oslo kl. 09.00 - 15.00 på Radisson Blu Oslo Plaza., Sonja Henies plass 3. 

Det blir felles lunsj kl. 12.00. 

Sak 1/24: Opprop, godkjenning av innkalling og sakliste

Forslag til vedtak:

Rådsmøtet godkjenner innkalling og sakliste.

Sak 2/24:  Val av møteleiar, referent og to representantar til å underskrive protokollen

Forslag til vedtak blir lagt fram på møtet

Sak 3/24: Kva sit kommunane att med etter naturingrep? 

Fjaler kommune bygde vindkraftverk for å få til ei industrisatsing i kommunen, men no får dei ikkje bruke straumen. 
Leif Jarle Espedal, ordførar  

Forslag til vedtak: 
Rådsmøte tek saka til orientering. 

Sak 4/24: Nasjonalt senter for fjellandbruk 

Innleiing om status for Nasjonalt senter for fjellandbruk og arbeidet framover-

Astrid Øversveen, dagleg leiar   

Forslag til vedtak: 
Rådsmøte tek saka til orientering

Sak 5/24: Naturkrise, klimautfordringar og verdiskaping. Korleis skal fjellkommunane rigge seg for framtida? 

Jenny Fossum Grøn, Telemarksforskning

Diskusjon og utveksling av erfaringar

Forslag til vedtak: 
Rådsmøte tek saka til orientering

Sak 6/24: Årsrapport 2023

Presentasjon av arbeidet i 2023 ved dagleg leiar Kari Randen
Sakspapir: Årsrapport 2023 (PDF, 2 MB)

Forslag til vedtak: 
Rådsmøtet godkjenner Fjellnettverkets årsrapport 2023.

Sak 7/24: Regnskap 2023

Presentasjon av rekneskap og revisorrapport for 2023, ved Kari Randen, dagleg leiar Fjellnettverket
Sakspapir: rekneskap 2023 (PDF, 250 kB) og revisorrapport (PDF, 192 kB)

Forslag til vedtak:

Rådsmøtet godkjenner rekneskap for Fjellnettverket 2023

Sak 8/24: Handlingsplan 2025-2028

Forslag til handlingsplan leggast fram for møtet av Olav Røssum, styreleiar i Fjellnettverket
Sakspapir Handlingsplan 2025-2028 (PDF, 199 kB)
Forslag til vedtak: 
Rådsmøte vedtar handlingsplan for 2025-2028.
 

Sak 9/24: Budsjett 2025-2026

Forslag til budsjett leggast fram for møtet av Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket
 Sakspapir: Budsjett 2025-2026 (PDF, 223 kB)

Forslag til vedtak:
Rådsmøtet godkjenner styrets forslag til budsjett.

Sak 10/24: Val

Val av nytt styret til Fjellnettverket. Forslaget blir lagt fram av valnemnda. 

Sakspapir: Innstilling frå valnemnda (PDF, 42 kB)

Sak 11/24: Eventuelt