Beredskap

Fjellovergangar og spreidd busetnad kjenneteiknar fjellområda. Derfor er det ekstra viktig at det er gode transportløysingar og nok resursar, slik at ikkje liv og helse står i fare.

Fjellnettverket arbeider for at beredskapen i fjellområda skal styrkjast.

Mor som ser på nyfødd barn - Klikk for stort bilete IStock

 

Lengre reiseveg – høgare risiko for mor og born

Talet på fødeinstitasjonar har vorte drastisk redusert dei siste åra. Lang reiseveg til fødeavdelinga aukar faren for transportfødsel og aukar risikoen for alvorlege komplikasjonar. Risikoen er høgast i fylke med lengst reiseavstand.

Risikoen for at den fødande skal få alvorlege komplikasjonar auka frå 1,7 prosent til 2,2 prosent i 2000. Kjelde: Undersøking av reiseveg og fødselshjelp 

Konsekvensen av kortere liggetid på sjukehus
Tida den fødande er innlagt på sjukehus etter fødsel har gått ned. Fleire helseføretak planlegg at denne skal bli enno kortare. Fjellnettverket meiner at for dei som bor lengst unna, får dette svært negative konsekvenser.

Dersom det er blir komplikasjoner vil mogelegheiten for retur til fødeavdelingen truleg mindre, og vil føre til ei auka belasting, utrygheit og risiko for både mor og born. Fjellnettverket meiner liggetida bør sjåast i samanheng med avstand til sjukehus.

Lang veg til sjukehus for fødande har vore oppe til diskusjon fleire gonger på Stortinget. Les Fjellnettverkets kommentar til Helse- og omsorgskomiteen