Lokal mat og personlege opplevingar
Bondens bord gir gestene ei unik og nær oppleving av norsk mat - og bygdekultur. Her blir det servert heimelaga mat, laga av bondens sjølv, med råvarer frå eigen gard og lokalsamfunnet rundt. Måltidet er meir enn mat - det er ei historie om ressursbruk, tradisjonar og livet på garden.
Eit fleksibelt og berekraftig konsept
Konsetet er inspirert av den færøyske ordninga Heimablidni, men vidareutvikla og tilpassa norske forhold av Fjellnettverket. Gjestene bestiller bord på førehand, medan bonden sjølv avgjer når og kor ofte det skal serverast. Dette gjer Bondens bord til ei fleksibel og berekraftig ordning som kan kombinerast med vanleg gardsdrift.
Verdiskaping i fjellområda
Bondens bord er fyrst og fremst eit landbruksprosjekt som gir bønder nye og fleire inntektsmogelegheiter, samtidig som det svarar på reiselivet si etterspurnad etter autentiske, lokale og berekraftige opplevingar. Erfaringane så langt visar stor interesse frå både fastbuande og tilreisande, og konseptet bidreg til å styrkje lokal verdiskaping, reiseliv og levande bygder i fjellområda.
Desse gardsbruka er med på Bondens bord
Her kan du sjå film om Bondens bord.