Kvifor mat og reiseliv

Fjellnettverket ynskjer ei berekraftig og heilskapleg utvikling av fjellområda innanfor næringane lokalmat og reiseliv, gjennom samarbeid på tvers av bransje, geografi og verkemiddelapparat

Bilde av smaksprøver med mat frå Fjellet - Klikk for stort bilete Cathrine Dokken

 

Fjellområda har mange fellestrekk og forvaltar viktige naturressursar. Jordbruk og vidareforedling av mat har vore og er eit viktig næringsgrunnlag for dei som bur og arbeider i fjellet. Kulturlandskapet i fjellområda er eit resultat av eit aktivt landbruk med bruk av utmark og fjellressursar. Landskapet er attraktivt for besøkande og dannar grunnlag for ny næringsverksemd der naturen ofte er utgangspunkt for opplevingar. Det unytta verdiskapingspotensialet er stort. Med folkevekst, spesielt i byar, og med meir reising over landegrenser blir fjella og høgareliggjande skogsområde med urørd eller lite utbygd natur stadig viktigare som fritids- og rekreasjonsområde.

I 2018 vart fjellområda for første gong vald ut som eigen region på den velkjende mat - og landbruksmessa Internationale Grüne Woche i Berlin. Dette vart starten på eit nytt samarbeid mellom mat- opplevingsverksemder og målet er at deltakinga skal auke samarbeidet mellom aktørar innanfor matproduksjon, landbruk og reiseliv.

Fjellnettverket starta i 2019 i samarbeid med Telemarksforsking arbeidet med å utvikle ei langsiktig satsing på mat og reiseliv i fjellet. Prosjektet byggjer på innspel frå deltakarane på IGW og er ei vidareføring av dette arbeidet. Hovudmålet for prosjektet er levande og livskraftige fjellbygder. Prosjektet har ulike delprosjekt som skal være med å styrke fjellområda som mat- og reiselivsområde. Prosjektet er finansiert av Innlandet fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Buskerud fylkeskommune. I tillegg støttar statsforvaltarane i Innlandet, Vestfold og Telemark, Oslo og Viken og Trøndelag med fjellandbruksmidlar. 

Les meir om prosjektet Mat og opplevingar i fjellet