Om prosjektet Mat og opplevingar

I prosjektet skal det leggast vekt på utviklinga av fjellområda som ein konkurransekraftig mat- og reiselivsregion, der innovasjon og aktivt samspel mellom mat- og reiselivsnæringa genererer auka sal og lønsemd for begge næringar. 

kokkar som arbeider - Klikk for stort bilete Catrine Dokken

Kva vil me oppnå?

Prosjektet har som mål å arbeide for levande og livskraftige bygder i fjellområda. Dette skal skje gjennom ei langsiktig og heilskapleg satsing på utvikling i næringane mat og reiseliv gjennom samarbeid og nettverksbygging på tvers av bransjar og geografi. Samla vil satsinga vere med på å styrke verdiskapinga i fjellområda.

Kvifor set Fjellnettverket i gang arbeidet med mat og reiseliv?

Det er i hovudsak to grunnar til at Fjellnettverket set i gang prosjektet:  For det første at kartlegging av utviklinga og næringsgrunnlaget i fjellområdet gir grunn til stor uro. For det andre, erfaringar og innspel frå verksemder og samarbeidspartnarar som deltok i arbeidet med Grüne Woche i 2018 og 2019.

Fjellområda har store naturressursar og gir viktige bidrag til storsamfunnet gjennom blant anna kraftproduksjon og matproduksjon, og dei er viktige rekreasjonsområde. Samstundes står lokalsamfunna i desse områda overfor store utfordringar som nedgang i folketal, spreidd busetting, lågare utdanningsnivå, færre nyetableringar og mindre variert næringsliv, samanlikna med sentrale strøk. Landbruk, matproduksjon og reiseliv er viktige næringar i områda.

I arbeidet med Internationale Grüne Woche er det opparbeid mykje erfaring og kunnskap. Gjennom åra frå 2018-2020 har det vore eit tett samarbeid med nærare sytti verksemder i fjellområda. I møter, arbeidsverkstadar, samlingar og ikkje minst messedagane i Berlin har produsentane og samarbeidspartane kome med tilbakemeldeldingar på vidare arbeid.

Fleire delprosjekt

Prosjektet har ulike delprosjekt som skal være med å styrke fjellområda som mat- og reiselivsområde. Samla sett har delprosjekta eit stort potensial, både i seg sjølv og gjennom synergieffektane mellom dei ulike delprosjekta. Prosjektet spenner seg over mange ulike problemstillingar, slik som behov for kunnskap om berekraftig produksjon, innovasjon og nyskaping, meir bruk av lokale produkt og marknadsføring. 

Les meir om Bondens bord
Les meir om berekraft i fjellet
Les meir om møteplassar