Landbruk

Fjellgardane produserer mat av høg kvalitet på ressursar som elles ikkje ville blitt brukte. Fjellnettverket arbeider for ein politikk som legger til rette for landbruk over hele landet. Landbruket og primærnæringane er ein sentral del av næringsgrunnlaget for fjellområda. 

Kyr og natur - Klikk for stort bileteKyr på veg heim frå beite, Stordalen gardsbruk. Emile Holba

Fjellandbruket produserer 21 prosent av mjølka og 19 prosent av storfekjøtet i Noreg. Fjellkommunane har om lag 22 prosent av mjølkekyrne, 30 prosent av sauene og 46 prosent av mjølkegeitene i landet, og to av tre setrar ligg i fjellet. Landbruket gir 17 000 arbeidsplassar og nesten 7,5 milliardar kroner i verdiskaping i fjellområda.

Fjellandbruket produserer 21 prosent av mjølka og 19 prosent av storfekjøtet i Noreg. Fjellkommunane har om lag 22 prosent av mjølkekyrne, 30 prosent av sauene og 46 prosent av mjølkegeitene i landet, og to av tre setrar ligg i fjellet. Landbruket gir 17 000 arbeidsplassar og nesten 7,5 milliardar kroner i verdiskaping i fjellområda.

Dyra beitar i utmarka om sommaren og et gras og urter som ingen andre kan bruke. Det gir god mat, held kulturlandskapet ope og tek vare på naturmangfaldet. Lange vintrar held dessutan sjukdommar unna planter og dyr.

Samstundes er det krevjande å drive lønsamt. Bruka er små og mellomstore, vekstsesongen er kort, og det er lite rom for stordrift. Dei siste 50 åra har tre av fire gardsbruk lagt ned drifta, og nedgangen er størst der naturen ikkje gir grunnlag for stordrift. Kvar gong ein gård blir lagd ned, blir det færre att å samarbeide med for dei som held fram.

Utmarka er den store ressursen. Over 2 millionar dyr blir sleppte på utmarksbeite kvar sommar, og beitet er verdt om lag 1 milliard kroner. Likevel kunne utmarka hatt minst dobbelt så mange dyr som i dag.

Vi meiner 

Fjellnettverket meiner landbruket i fjellet treng rammevilkår som tek omsyn til korleis det faktisk er å drive her. 

Vi arbeider for:

  • Betre inntekter på små og mellomstore bruk. Inntektsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper må tettast, og jordbruksoppgjeret bør prioritere bruka som held jorda i drift.
  • Meir bruk av utmarka. Beite i fjellet gir mat av høg kvalitet, styrkjer naturmangfaldet og aukar sjølvforsyninga i Noreg.
  • Meir forsking og kunnskap om fjellandbruket, og sterkare fagmiljø som kan hjelpe bøndene.
  • Meir lokalmat, mellom anna ved at stat, fylke og kommunar kjøper inn meir lokalprodusert mat.
  • Enklare verkemiddel. Søknader om støtte bør vere tilpassa kvardagen til bonden, og tilskot bør betalast ut tidlegare.
  • Framtid for reindrifta, ved at ressursgrunnlaget blir teke vare på.
  • Stølsdrift og kulturlandskap, som har både økonomisk og kulturell verdi.

Vi gjer

Politiske innspel

Vi sender innspel til jordbruksforhandlingane, svarar på høyringar og møter politikarar og departement for å løfte fjellandbruket. 

Les innspel frå Fjellnettverket

Bondens bord

Gjennom Bondens bord opnar gardsbruk i fjellet kjøkenet sitt for gjester. Bøndene serverer mat frå eigen gård og fortel historia om garden og bygda. Bonden avgjer sjølv når og kor ofte det skal serverast, så ordninga kan kombinerast med vanleg drift.

Ordninga er inspirert av Heimablidni på Færøyane og er varemerkeverna. Gardsbruk i fjellkommunar i Innlandet, Buskerud, Telemark og Agder kan søkje om å vere med.

Målet er at Bondens bord skal bli ein fast og synleg del av reiselivet i fjellet. Det skal vise korleis lokal mat, kulturarv og gardens ressursar kan gi meir verdiskaping.

Les meir om Bondens bord · Finn ein gard og bestill bord på bondensbord.no

Nasjonalt senter for fjellandbruk

Fjellnettverket er medeigar i Nasjonalt senter for fjellandbruk, som vart stifta som eit ideelt aksjeselskap i 2023. Senteret held til på Løken gård i Øystre Slidre og arbeider for eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellet. Det samlar fjellbønder på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Fjellnettverket var med i styringsgruppa som etablerte senteret, saman med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgiving, Norsk Seterkultur, Storsteigen vidaregåande skule, Norges Vel og Øystre Slidre kommune.

På fjellandbruk.no finn du òg fakta om fjellandbruket, fagstoff om utmarksbeite, seterdrift og lokalmat, og ei oversikt over tilskotsordningar, mellom anna fjellandbruksmidlane i Trøndelag, Innlandet, Buskerud og Telemark.ved å sitte i styringsgruppa.